– Eg får mykje energi av å taua, men når det seier stopp, så seier det stopp, sa Kristoffer Skjerping på TV2.

Han hadde rolla som hjelperyttar på dagens fellesstart, og bidrog til at det norske laget låg godt plassert.

Hovudoppgåva til 24-åringen frå Sekkingstad var å hjelpa Alexander Kristoff og Edvald Boasson Hagen fram. Og Boasson Hagen låg godt an då Skjerping braut.

Peter Sagan (nummer to frå venstre) låg relativt bedageleg plassert nesten heile løpet, slik som her over Rongesundet bru. Men han kom lynkjapt mot slutten og vann. Foto: Silje Alden

Det vart til slutt ein massespurt, der Peter Sagan sneik seg såvidt foran Alexander Kristoff. Dermed vart det sølv til nordmannen, og Kristoffer Skjerping skal ha litt av æra for det etter å ha jobba hardt for laget.

Peter Sagan tok sin tredje VM-tittel på rad på fellesstarten, og er etter kvart blant dei store legendene i sykkelsporten.

Fellesstarten for menn er det mest prestisjetunge rittet i VM, og var det siste rittet i Bergen 2017. Tidleg søndag kveld er det avslutningsseremoni.

Bergensregionen med Sotra og Øygarden har verkeleg fått vist seg fram frå si beste side dei åtte VM-dagane. I dag var det ekstremt mykje folk langs løypa, og i Bergen skal det ha vore rundt 100.000 menneske samla mot slutten av rittet.