Litt før klokka 11 torsdag føremiddag låg fregatten med det som ser ut til å vera rundt 45 gradars slagside, og båten såg ut til å vera i ferd med å kantra. Men klokka 12.44 har ikkje slagsida vorte veldig mykje verre.

I 04-tida natt til torsdag kolliderte den norske fregatten KNM Helge Ingstad og tankbåten Sola TS. Fregatten står på grunn og tar inn vatn. Klokka 08.30 ligg fregatten med baugen opp på land.

– Alle 137 om bord er henta i land. Vi har fått melding om at seks-sju personar er lettare skadd, dei vert teken hand om av helsepersonell på staden, sier Einar Knudsen, pressetalsmann på Hovedredningssentralen Sola til Vestnytt klokka 08.30.

Foto: Christine Fagerbakke

– Vi har fullt fokus på å berge fartøyet og har sett inn alle tilgjengelege ressursar i arbeidet, sier Ivar Moen, oberstløytnant og talsmann for Forsvarets operative hovedkvarter klokka 09.26

Forsvaret leiar berginga i tett samarbeid med Kystverket.

Kan gå ned

Båten har fått slagside mot styrbord, og sjøen har kome opp på akterdekket, fortel Christine Fagerbakke, Vestnytt sin journalist på staden.

– Det er uavklart om fartøyet kjem til å gå ned, opplyser Øygarden brann og redning til Vestnytt klokka 06.58.

Fregatten har slagside. Biletet er tatt like før klokka 09.00. Foto: Christine Fagerbakke

Fregatten har fått ei flenge i skroget, og det skal ha lekkt ut mykje olje. Kystverket er på plass for å ta hand om forureininga.

– Det er mest diesel, det er så langt bekrefta at 10.000 liter har runne ut i sjøen, fortel vakthavande ved Øygarden brann og redning. Ifølgje Vestnytt sin utsende er det sterk diesellukt i området.

Det ligg ei rekkje båtar rundt fregatten. Det er mellom anna redningsskøyte, båt frå Bergen brannvern og fleire MTB-ar frå Forsvaret.

Foto: Redningsskøyten Kristian Gerhard Jebsen

Krisestab i kommunen

Øygarden kommune har sett krisestab.

– Vi er avventande med tanke på dei behova som måtte dukke opp frå vår side. Situasjonen blir handtert og kommunen har inga rolle i berginga. Stureterminalen har lensemateriell og kompetanse på dette, seier ordførar Børge Haugetun (TVØ) i Øygarden.

Forsvaret har etablert pårørandetelefon: 800 87 650.

Hendinga er rapportert inn til Statens havarikommisjon.

KNM Helge Ingstad (arkiv) Foto: Cavernia/Wikipedia

Mottak på Stura

– Samtlege personar om bord i fregatten er evakuerte, fortel Eirik Walle, vakthavande ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg til Vestnytt klokka 07.07.

Skipssjefen på fregatten valde først å ha ti personar att på fregatten. Men etter kvart vart også desse evakuert. Det skal vera faren for at fregatten synk som gjer at det ikkje er nokon att om bord.

Slik såg skipstrafikken utanfor Stureterminalen ut klokka 06.41. Fregatten er den lyseblå markøren som ligg ti venstre for den raude markøren. Stureterminalen er markert i gul. (Skjermdump frå marinetraffic.com)

– Mannskapet er frakta inn til eit mottak som er oppretta på Stureterminalen, seier han.

KNM Helge Ingstad har eit mannskap på 137, av desse er 7 skada.

– Det er snakk om lettare skader, seier Walle.

Ettersom mannskapet på fregatten er redda i land, har det no gått frå å vera ein redningsaksjon til ein bergingsaksjon, der Forsvaret no vurderer kva som skal gjerast. Den kongelege norske marina er eigar av båten.

Det er oppretta ei sikkerheitssone omkring båten på 500 meter i sjøen. Dette er vanleg prosedyre, slik at ingen tek seg inn i området.

Den danske fregatten HDMS Hvidbjørnen er på staden. Foto: Christine Fagerbakke

– Me ser på alle relevante ressursar for å bidra i berginga, seier oberstløytnant Ivar Moen, talsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Tankbåten ikkje i fare

Tankbåten har eit mannskap på 23, ingen av dei skal vera skada. Ifølgje politiet sin operasjonssentral er det ingen fare for at tankaren skal synka eller byrja å lekka. Tankbåten ligg no lenger nord i Hjeltefjorden.

Personar i området skal ha høyrt eit kraftig smell som kan ha vore kollisjonen.

Ifølgje Marine Traffic er tankbåten TS Sola 250 meter lang. Båten skal vera bygd i 2017, og er Malta-registrert. Tankbåten skal ha 625.000 fat med råolje om bord.

TS Sola skal ha vore på veg ut frå Stureterminalen då kollisjonen fann stad. Omstendene rundt kollisjonen er elles uavklart.

KNM Helge Ingstad er 134 meter lang, og vart sett i tjeneste i 2009. Fregatten har både dieselmotorar og gassturbin.

Vestnytt kjem tilbake med meir.