Vegane på Sotra og i Øygarden opna i tolvtida søndag ettermiddag. I Bergen var mange vegar stengt til utpå kvelden, og det har vore diverse omkøyringar i sentrum.

Heller ikkje måndag er alt i gjenge att etter den enorme idrettsfesten.

Statens vegvesen skreiv søndag kveld følgjande om trafikksituasjonen for dei som skal til Bergen sentrum måndag:

Bradbenken om Bontelabo til Sandvikstorget opna søndag kveld. Det same gjorde Øvregaten til Nye Sandviksvei.

Småstrandgaten og Lars Hilles gate skulle opna klokka 05.00 natt til måndag.

Også Bryggen skulle opna for biltrafikk klokka 05.00, men blir stengt igjen klokka 22.00 for å byggja opp att dei opphøgde gangfelta som vart fjerna for å unngå ulukker blant VM-syklistane. Natt til tysdag opnar Bryggen att, denne gongen for godt.

Christies gate er stengt fram til tysdag klokka 06.00. Det same er Kaigaten.

Høgre felt på Fjøsangervegen opnar tysdag klokka 06.00, det same gjeld høgre felt frå Åsane til Gamle Bergen. Desse felta har under VM vore avsedd til kollektivtrafikk.

Kong Oscars gate blir stengt ei tid framover på grunn av vegarbeid.

Mellom Sotra og Bergen har det vore praktisk talt null kø under VM. Men måndag morgon er me truleg tilbake til den same gamle trafikkorken.