Natt til torsdag vart Hellas og Tyrkia råka av eit jordskjelv som målte 6,7 på jorskjelvskalaen. Skjelvet hadde senter rett ved øya Kos, der Victoria Ekerhovd frå Ekerhovd og venninnegjengen er på ferie.

– Me var på ein bar og skulle til å reisa oss for å gå inn og dansa. Så byrja plutseleg bakken å rista. Først var det ganske roleg, men så vart det valdsam risting. Me klarte ikkje å halda oss oppreist, og sklei fram og tilbake. Folk skreik, fortel ho.

På baren White Corner Club, som ligg rett ved der Victoria oppheldt seg, raste taket saman. To personar er funne omkomne der. Eit tresifra tal menneske skal vera skada etter jordskjelvet.

– Me sprang over eit gjerde for å koma oss vekk frå bygningane. Det var heilt fælt. Brått kom ein stor menneskemengde springande i panikk. Det hadde kome vatn opp frå bakken, så folk frykta at det var ein tsunami, seier Victoria Ekerhovd.

Victoria Ekerhovd og venninnene var ute på byen då jordskjelvet råka. Foto: Privat

17-åringen er på den greske ferieøya saman med 14 venninner frå Bergen og Sotra. Dei er rysta etter det dramatiske jordskjelvet. Men utanom nokre skrubbsår er alle i fysisk fin form. Då Vestnytt prata med ho på telefon fredag ettermiddag var dei på hotellrommet.

– Det er eit ganske nytt hotell, og utanom nokre knuste glass er det ikkje nokon skader her.

Jentegjengen kom til Kos måndag 17. juli, og skulle etter planen vera der til 31. juli.

– No vil me nok prøva å koma oss heim før. Men det kan nok ta nokre dagar før me kjem oss med eit fly, seier Victoria Ekerhovd.

Kos ligg aust i Egeerhavet, fire kilometer frå kysten av Bodrum i Tyrkia. Øya har rundt 34.000 fastbuande og særs mange turistar.

Jordskjelvet førte til store øydeleggingar på ei rekkje bygg. Foto: Victoria Ekerhovd