Stokkavika er rydda for plast og anna drivgods og grendalaget har drenert på dugnad, slik at grassletta er utvida og kan nyttast til telting. Foto: Kleppe grendalag
Espen Tveit Hansen, leiar i Kleppe grendalag, sto for den offisielle opninga ved bustadfeltet Rindane søndag ettermiddag. Foto: Kleppe grendalag

Turen går frå bustadfeltet Rindane og ned gjennom ein granskog. Aktivitetsløypa endar opp nede ved sjøen, i den tidlegare utilgjengelege Stokkavika. Søndag var det offisiell opning av aktivitetsløypa på Kleppe, sør i Sund.

– Stokkavika er ikkje lenger utilgjengeleg, takka vera hundrevis av dugnadstimar frå grendalaget, samt støtte frå Gjensidigestiftelsen, Hordaland fylke og ei rekkje private sponsorar, seier Pia Marken, prosjektleiar for aktivitetsløypa.

Variert

Det er ikkje noko lite prosjekt det her er snakk om, men ei løype på 700 meter med over 12 ulike postar for fysisk aktivitet og styrketrening. Dei finn ein langs den nye turvegen ned til Stokkavika, der dugnadsfolket har opparbeida rasteplass. Målet med prosjektet er både å gjera strandsona meir tilgjengeleg og å leggja til rette for meir aktivitet og variasjon i aktivitetstilbodet. Dei første postane på veg ned frå bustadfeltet kan nyttast til oppvarming. Alle postane legg til rette for øvingar der ein brukar si eiga kroppsvekt som motstand. Det er sett opp plansjar med forslag til øvingar, også uttøying på veg opp att frå vika.

Brukar naturen

Det var ein stolt grendalagsleiar, Espen Tveit Hansen, som sto for snorklyppinga søndag ettermiddag.

– På vegner av grendalaget vonar eg at aktivitetsløypa vert til glede for mange nye brukarar, seier Espen Tveit Hansen.

I løypa har dei satsa på ein kombinasjon av ferdige, innkjøpte apparat og styrke— og leikeapparat som kan lagast til med det ein finn i naturen. Til dømes kan ein laga eit step-apparat ved å fella trestammar i ulik høge, i passe avstand frå kvarandre. Om lag midt i løypa er der ein liten knaus. Her er det bolta fast tau som både kan svingast som styrkeøving og brukast til å klatra opp og ned knausen. Slik kan små og store få utfordra seg i løypa.

Kjekt alternativ

– Det er mange fine turstiar i kommunen, men det er ikkje alltid like lett å få med seg ungane på «kjedelege» fjellturar. Målet med aktivitetsløypa er å kunne tilby noko nytt, som er moro for heile familien, samtidig som dei er i aktivitet og lærer å meistre nye teknikkar og øvingar», seier Anette Kausland, ein av initiativtakarane til løypa.

Nede ved sjøen på Kleppe ligg altså Stokkavika. Også her har grendalaget hatt ei rekkje dugnadar, med rydding av plast og anna drivgods.

Rasteplass

Ei myr er drenert slik at vatnet vert samla i ein større bekk, som går til sjø midt i vika. Slik har ein fått utvida grassletta, som er lagt til rette som rasteplass med benkar og platting.

– Målsetjinga med aktivitetsløypa er å gje folk i alle aldrar eit gratis friluftstilbod som inneber turgåing, styrketrening og leik, gje skular og barnehagar eit flott turtilbod og gjera strandsona meir tilgjengeleg for alle, seier prosjektleiar Pia Marken.