Det er meldinga frå Vervarslinga på Vestlandet. Det har vore særs sterk vind i kasta både seint onsdag kveld og natt til torsdag. I morgontimane vekslar det mellom liten og full storm.

Full storm betyr vind på 25 meter i sekundet - det som vert rekna som grensa for når ein skal vurdera stenging av Sotrabrua.

Vind frå sør

Vinden kjem frå sør og søraust. Vind frå sør er rekna som den verste retninga for Sotrabrua, men førebels ser det ut til at det ikkje blir trafikkbegrensingar på brua. Det er likevel all grunn til å vera varsam om du køyrer med takboks eller tilhengar.

Blir betre

Ein gong etter lunsj er vinden venta å minka, først til sterk kuling. Også utover kvelden skal vinden bli svakare, ned til frisk bris.

I store delar av Sør-Noreg snør det heftig. Her på kysten kjem nedbøren så langt stort sett i form av regn, men det kan gå over til sludd.