– I vår kultur er alle er så opptekne. Alle har sine eigne ting, som jobb, reise og vidareutdanning, seier Janne-Lin Fjeld Andersen.

Ho snakkar om landsbyen, og refererer til ordtaket som seier at det tek ein landsby for å oppdra eit barn.

I 11 år har ho vore ein del av denne «landsbyen», nærare bestemt den frivillige organisasjonen Home Start som tilbyr hjelp til familiar som treng støtte i familielivet. Organisasjonen gir familiar moglegheit til å få besøk av ein frivillig familiekontakt for å avlaste dei nokre timar kvar veke.

Hjelp?

Ei sånn hjelp ville Janne-Lin vere. Då ho var berre 18 år gamal stod ho i kyrkja med ei brosjyre frå Home Start i handa. Skulle ho ringe?

– Eg våga ikkje ta kontakt, så eg fekk mamma til å ringe, seier Janne-Lin med ein latter, 11 år seinare.

Det var nemleg nokre krav. Som at ein måtte ha erfaring frå familieliv sjølv. 18-åringen hadde ikkje eigne barn og var usikker.

– Eg hadde lyst til å hjelpe til, og kor kan ein 18-åring hjelpe, spør ho retorisk.

Ho elskar barn, så det passa ho utmerka.

Koordinatorane nominerte Janne-Lin Fjeld Andersen til månadens frivillig. Frå venstre: Liv Kari Børnes Honningdal, Ingelin Våge og Marit Skogestad Kleiven. Foto: Solveig Høegh-Krohn

Vanlege folk

Familiekontaktane skal ikkje vere ekspertar, men vanlege folk som støtter vanlege familiar to–fire timar om veka. I ein periode på seks månader kjem ein person heim og avlastar slitne eller einsame foreldre. Men dei fleste er ikkje som Janne-Lin.

– Eg er ikkje den typiske familiekontakten. Dei fleste er vel 40 pluss, seier ho.

Likevel er ho ei av dei frivillige som har vore med lengst i Home Start. Det er 15 år sidan dei starta dei opp i gamle Fjell kommune. Til saman har Janne-Lin losa 20 ulike familiar i land dei siste 11 åra.

Mange vil ha hjelp

– Vi har ganske lange ventelister, fortel koordinator Ingelin Våge. 15 frivillige har dei no i staben, medan 30 familiar ønsker hjelp. Alle dei frivillige får eit 20 timar langt kurs før dei sendest ut i dei tusen heimar.

Dei skulle ønske fleire melde seg som frivillig. Som mange andre frivillige organisasjonar, har dei hatt utfordringar med rekrutteringa under pandemien.

Fleire nominasjonar

Det er koordinatorane i Home Start Øygarden har nominert Janne-Lin som månadens frivillig.

– Samfunnet treng fleire som henne, menneske som har tid og lyst til å gå saman med andre når vegen er ekstra utfordrande, skriver ein av dei i grunngjevina av kvifor ho bør få prisen.

Og prisen fekk ho denne veka av varaordførar, Torill Selsvold Nyborg (KrF).

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) delte ut frivilligprisen til Janne-Lin Fjeld Andersen denne veka. Foto: Solveig Høegh-Krohn

Partikollegaen hennar, dåværenda leiar for KrF, Knut Arild Hardeide møtte Janne-Lin første gong ho drog ut som familiekontakt. Den gongen var det ein familie som hadde fått trillingar.

Open for alt

Sidan den gong har ho besøkt både små og store familiar, norsktalande og utanlandske.

– Nokon gir deg alt ansvaret med det same, andre vil bruke tid på å bli kjende først, fortel Janne-Lin.

Det er mange grunnar til at dei tek kontakt med Home Start. Det kan vere fordi dei er einsame og treng eit klapp på skuldra, eller nokon som kan trille tur medan dei får sove.

Jobben gjev Janne-Lin glede.

– Eg blir glad av det. Det får eg ut av det, seier månadens frivillig med eit stort smil.

Som 18-åring tok ho mot til seg og spurte om ho kunne få vere familiekontakt. Det fekk ho. No er ikkje Janne-Lin den einaste som har byrja i Home Start som 18-åring. Foto: Solveig Høegh-Krohn