Denne skjermdumpen er tatt klokka 15.30 fredag ettermiddag. I praksis har det vore rushtrafikk frå Sotra mot Bergen heile dagen. Foto: Webkamera

Det var torsdag kveld og natt til fredag Statens vegvesen skulle sjekka viftene i Lyderhorntunnelen. Det vart då oppdaga ein alvorleg feil som gjorde at tunnelen måtte stengjast.

– Frå Sotra står køane framleis frå Kolltveittunnelen og austover. Også frå Askøy er det lange køar. I praksis har det vore samanhengande rushtrafikk heile dagen, seier vaktoperatør Hanne Norheim til Vestnytt i 15-tida fredag.

Truleg vert tunnelen periodevis opna i løpet av helga. Klokka 15.30 viser webkamera til Vestnytt at trafikken står heilt i ro over Straumssundet. Også i Drotningsvik viser kameraet at trafikken går sakte mot aust. Klokken 18.40 går trafikken betre, men det er framleis kø i retning Bergen over Sotrabrua. Veitrafikksentralen anslår at det antakeligvis vil ta endå fleire timar før køane løsar seg.

Vegtrafikksentralen ser så langt ingen ende på køane, og Norheim har ingen andre råd til trafikantane enn å la vera å legga ut på vegen dersom ein kan venta med å reisa.

– Me gav tidlegare råd om å nytta vegen om Mathopen som alternativ for å koma seg til Loddefjord vestfrå. Men no på ettermiddagen er det jo mange av dei som bur i området som skal heim. Med omkøyringstrafikk i tillegg kan det bli kork der og, seier vaktoperatøren.

Laurdag vil tunnelen vera open mellom klokka 08.00 og 10.00. Om arbeida ikkje blir ferdig i løpet av helga, vil det bli opna for morgentrafikken måndag, mellom klokka 06.30 og 09.00.