Foto: Inger Elise J. Økland
Foto: Inger Elise J. Økland
Foto: Inger Elise J. Økland

Eit to år langt prosjekt med musikk i integreringsarbeidet blei avslutta med stor konsert i Hamramyra barnehage torsdag ettermiddag.

40 ungar frå omlag 20 nasjonar i dei to barnehagane Hamramyra og Ågotnes har deltatt i prosjektet som er i regi av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring.

– Barnehagane er såkalla fokusbarnehagar, som vil seie at dei er komne langt med integrering og fokus på mangfald som ein ressurs, seier Lillian Århus Ekerhovd i rettleiarteamet for barnehagane.

Kulturskulen har hatt ansvar for det faglege og gjennomføringa saman med prosjektansvarleg i rettleiarteamet. Både foreldra og personalet har vore på kurs. Prosjektet har vore for alle, uavhengig av bakgrunn, kultur eller språk.

– Personalet har fått auka kompetanse i bruk av musikk som felles språk, der alle kan delta uavhengig av bakgrunn eller om dei kan norsk, seier Århus Ekerhovd.

I løpet av dei to åra har bruken av musikk i barnehagen auka.

– Foreldra til barna vert og meir stolte av bakgrunnen sin. Det er bra med tanke på samarbeidet mellom foreldra og barnehagen.

Musikk har mange positive effektar, seier Århus Ekerhovd.

– Musikk bidrar til god språkutvikling. Gjennom musikken opplever barna felles glede, og det er motiverande i seg sjølv. I tillegg bidrar musikk til felles rytme og felles puls, noko som er viktig for å kople seg på omverda og forstå kva som skjer. Musikk er også ofte repeterande, både av ord og rørsler, noko som hjelper barn å øve og forstå omgrep og øve på uttale.