Ein av bebuarane vart ståande fast på ein terrasse, og pådrog seg røykskader. Foto: Ruben Lund Alfheim

Klokka seks onsdag morgon fekk brannvernet melding om brann i ein firemannsbustad i Straumsfjellvegen på Straume. Dei rykka ut og kom fram til ein bustad i full fyr. Like før klokka sju hadde dei klart å sløkkja brannen.

– Brannen vart avgrensa til ein av bustadane. Mannskapa klarte å hindra flammene i å spreia seg til dei andre einingane, fortel Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.

Stod fast på terrasse

Ein mann er sendt til sjukehus med røykskader.

– Han var på terrassen då brannen starta.

Huset har fått store skader. Foto: Ruben Lund Alfheim

Mannen skal ha slite med å kome seg ned frå terrassen. Han var medviten då brannmannskapa kom til unsetning.

Nabohus evakuert

– Det er uvisst akkurat kor og korleis brannen starta, det blir ei sak for politiet å finna ut, seier Villanger.

To nabohus vart evakuert i tillegg til bustaden der det brann. Brannvernet skal ha kontroll på alle bebuarane, og det er ikkje mistanke om at det kan vera personar att inni bustaden.

– Var fullstendig overtent

Brannmeister ved Laksevåg brannstasjon, Dag Rindedal, fortel at boligen var heilt overtent da brannmannskapa var på plass.

– Me såg flammer og røyk allereie frå Sotrabrua. Det tek lang tid før denne bustaden blir bebueleg att, seier Rindedal.

Han er nøgd med innsatsen til mannskapa.

– Sløkkinga hadde god effekt, og me klarte å unngå spreiing til dei andre leilegheitene.