Det er den kommunale kriseleiinga i Øygarden kommune som i møte klokka 15 har bestemt at dei evakuerte kan reisa heim.

– Det er bestemt etter vurdering frå brann og politi. Brannen representerer ikkje lenger fare for folk eller bygningar, seier kommunedirektør Rune Landro.

Fleire hundre menneske er evakuerte, mange av dei frå Ågotnes-området. Dei fleste har skaffa seg overnatting privat, men rundt 40 personar vart innlosjert på leirstaden Fjell-ly, som kommunen gjorde avtale med. Øygarden kommune var førebudde på å skaffa plass på overnattingsstader i Bergen dersom det vart behov for dette natt til laurdag. Men det slepp dei altså.

– Det er viktig at folk framleis gjev brannvernet plass, og det kjem til å vera røyk og aktivitet utover helga, seier Landro.

Det gjeld framleis droneforbod.

– Det er viktig at ikkje folk dreg for å sjå på brannen, seier ordførar Tom Georg Indrevik, som fredag takka alle mannskapa som har jobba med å få kontroll på brannen.

Det har vore sju brannhelikopter i drift i dag, men no går dei ned til tre helikopter. Per klokka 15.45 har Sivilforsvaret 48 personar ute i jobb, i tillegg til dei mange brannfolka. Også politi kjem til å vera i området utover kvelden og natta.

Klikk her for å følgja Vestnytt sine oppdateringar frå storbrannen.