Ein 18-åring ligg på Haukeland sjukehus med skader mellom anna i hovudet etter oppgjeret på Straume, seint måndag kveld. Då politiet kom til staden vart dei møtt av menn på veg bort i ein Tesla.

– 18-åringen har truleg fått bank av dei andre i bilen. Det kan vere snakk om eit oppgjer i eit kriminelt miljø, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue til NRK Hordaland.

Vest politidistrikt opplyser at dei to sikta i saka er menn i tjueåra. Alle dei tre involverte skal vera kjent for politiet frå tidlegare. Meldinga om at ein mann fekk juling ved Straume Næringspark kom inn til operasjonsleiar klokka 22.46.

– Politiet kom til staden berre nokre minutt seinare, klokka 22.51. Patruljen vart då møtt av ein Tesla på veg bort frå staden. 18-åringen vart funnen like i nærleiken. Han hadde fått kraftig juling og vart frakta til sjukehus, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue til bt.no.

Dei to mistenkte stakk ifølgje Thue av i Teslaen då politiet kom til staden.

– Den heldt svært høg fart. Etter kort tid fann vi ut at det ikkje var hensiktsmessig å følgja etter, seier Thue til BA.

Politiet gav likevel ikkje opp. Like etter fann dei bilen gøymt vekk i eit bustadområde på Straume. Hundepatruljen fekk ganske fort ferten av dei to mistenkte gjerningsmennene.

– Dei vart funne og pågripne klokka 23.14, seier Thue.

Av omsyn til etterforskinga vil han ikkje seia kva slags kriminell verksemd dei involverte har drive med tidlegare. Dei to mistenkte er no sikta for kroppskrenking og sit i varetekt.

– 18-åringen som ligg på Haukeland skal ifølgje våre opplysningar ikkje vera alvorleg skadd, men har fått hard medfart i ansikt og på kroppen. Det er oppretta sak og vi vil ta vitneavhøyr og avhøyr av dei involverte ut over dagen, seier Thue.

Midt på dagen tysdag opplyser politiet på Sotra at hendinga fann stad sentralt på Straume, men ikkje ved næringsparken.