Harald Polden Indrebø plukka ein full bossekk med plast i vika på Våge i helga. Foto: Privat

I helga tok Harald Polden Indrebø seg ein tur langs sjøkanten i vika på Våge.

– Det er enorme mengder plast overalt, ikkje berre på øyane i vest, seier Harald.

Han oppmodar alle om å ta med seg ein pose når ein går på tur og plukka med seg litt boss.

– Alle kan bidra litt, meiner han.

Denne veka går den nasjonale strandryddeveka av stabelen i regi av Hold Norge Rent, og ein drøss med frivillige over heile landet arrangerer lokale ryddeaksjonar.

Gå inn på heimesida til Hold Norge Rent og finn ut kvar du kan delta på felles ryddeaksjonar. Foto: Hold Norge Rent

I ryddeportalen til Hold Norge Rent kan ein registrera lokale ryddeaksjonar og finna ut kvar ein kan delta.