Politiet leita søndag kveld etter ei eldre kvinne som var sakna frå ein omsorgsbustad på Rong i Øygarden. Ei stund før midnatt vart ho funne.

Dette skreiv Vest politidistrikt på Twitter like før klokka ni søndag kveld:

– Kvinna er 77 år gammal, mellom 165 og 170 centimeter høg, slank og har mørkt halvlangt hår cirka til skuldrene. Ho brukar briller og går noko ustøtt, skriv politiet i etterlysinga.

Kvinna var sist sett rundt klokka 15.00 søndag ettermiddag. Politiet ba folk som kunne ha tips i saka om å ringa 02800.

Like før klokka 22.00 søndag kveld kom politiet med ei tilleggsopplysing om at kvinna kunne vera kledd i ein kvit bluse med store blomar på, samt ei svart bukse.

Brukar hundar

– Me lurer på kvar kvinna er. Ho blei meldt sakna klokka halv sju i kveld, sa operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt til Vestnytt.

Ho la til at leiteaksjonen hadde vakse seg større etter kvart som tida har gått utover kvelden.

– Me har kalla inn mykje eksternt leitemannskap frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp, i tillegg til hundar frå Norske Redningshunder. Søket me gjorde med våre eigne styrkar tidlegare i kveld, førte dessverre ikkje fram, sa Næss.

Saka held fram nedanfor Twitter-meldinga frå politiet.

Sjølv om det vart brukt båt i søket, var det ingenting konkret som tyda på at kvinna kan ha falt i sjøen.

– Grunnen til at me har båt på plass er at det er mykje sjø i nærleiken, sa Næss.

Klokka 23.16 kom kvinna til rette. «Takk til alle mannskap som har bidratt», skreiv politiet då på Twitter.