Slo faren og mishandla kone og barn

Mannen hevda i retten at han hadde site så mykje i fengsel at han umogeleg kunne hatt tid til all mishandlinga.

Publisert: Publisert:
  • Kyrre Styve

I ein periode på åtte år mishandla mannen kone og barn, og knuste inventar i reine raserianfall, ifølgje dommen. I samband med ein av episodane slo han og til faren sin, som budde på Sotra. Då knuste han og to vindauge på bilen til faren.

Hevda han ikkje hadde tid til mishandlinga

Mishandlinga av kone og barn skjedde i andre kommunar. Det er tale om ei rekkje ulike episodar.

Mannen innrømte å ha slått faren, men nekta for det som omhandla kona og barna. I retten hevda han at han sat så mykje i fengsel i den perioden at han ikkje hadde tid eller høve til å utføra alt han var sikta for. Dette avviste retten blankt.

No har Bergen tingrett dømt mannen til fem års fengsel. Men han har site over eit år i varetekt, og dette blir trekt frå dei fem åra.

Mannen må og betala over 750.000 kroner i erstatning til dei som vart råka av valden.

Må halda seg unna

Retten la ned kontaktforbod, det vil seia at han ikkje får kontakta eller nærma seg faren, kona eller barna.

Aktor ville at kontaktforbodet skulle handhevast med såkalla elektronisk kontroll. Det vil seia at mannen må gå med ei innretning som varslar politiet dersom han kjem innanfor ei definert geografisk sone.

I dette tilfellet var det snakk om ei sone som strekte seg over ti kommunar, og retten fann at dette vart i overkant stor inngripen. Retten viser til at han uansett skal sitja i fengsel dei neste fire åra. Men det står i dommen at dersom han bryt kontaktforbodet, vil vegen vera kort til eventuell bruk av elektronisk kontroll.

Ankefristen er ikkje gått ut.

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHETER

    Dømt for gjentatte voldtekter av ung gutt

  2. NYHETER

    Det tok seks år før barnevernet reddet barna. Nå får ett av barna millionerstatning

  3. NYHETER

    Jenta fekk øydelagt livet etter valdtekta. No må gjerningsmannen betala 3,2 millionar i erstatning

  4. NYHETER

    I fjor forsvann sykkelen herfrå. No er tjuven dømt

  5. NYHETER

    Voldtektsdømt mann fikk mildere straff da han anket

  6. NYHETER

    Må i fengsel etter råkjøring på Sundvegen

  1. Bergen tingrett
  2. Vold