Vestnytt, Senter for undersøkande journalistikk (Sujo) og Landslaget for lokalaviser (LLA) ønskjer å finne koronahistoriane som ikkje er fortalde.

Målet er å sikre ei brei og informert dekning av viktige samfunnsforhold – i heile landet. Derfor skal dei innsamla historiane, og informasjonen som vert henta inn, bli stilt til rådvelde for lokale medier over heile landet, etter redaksjonell handsaming av Sujo.

Dagleg leiar ved Sujo, Per Christian Magnus, fortel at det er kunnskap og informasjon som er mest naudsynt og etterspurt no.

– Derfor treng vi ein nasjonal dugnad. Vi må få fram ny informasjon og dei historiane som ikkje er fortalde, seier han.

Du svarar anonymt. Dersom di historie vil bli brukt, tar Sujo eller Vestnytt kontakt med deg. Er du ramma personleg, eller har du til dømes sett noko på arbeidsplassen din som treng offentleg merksemd? Då er det viktig at du fortel oss dette.

– Eg trur alle som driv med journalistikk kjenner på eit stort ansvar akkurat no. Det som skjer går så raskt og har så store konsekvensar for så mange, derfor vil vi gjerne ha tips som vi kan jobbe vidare med. Undersøkande journalistikk har aldri vore viktigare, legg Per Christian Magnus til.

– Personar som har tilgang til informasjon om kritikkverdige forhold skal kunne tipse oss på ein trygg måte. Så kan vi vidareformidle informasjonen til aktuelle journalister eller redaksjonar. Kanskje kan vi også få til samarbeid mellom fleire redaksjonar, seier Magnus.

Han er oppteken av at pressa sitt kjerneoppdrag er å bidra til ein meir opplyst befolkning, og håpar dette prosjektet kan bidra til akkurat det. Prosjektet er finansiert av Fritt Ord.

Her er skjemaet du kan bruke:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=8388301