Ein mann hamna i sjøen i Golta-området i Sund.

Klokka 14.12 torsdag melde Hovudredningssentralen at alle ressursar er varsla.

Klokka 14.19 var luftambulansen framme, og starta søk. Også redningshelikopter var på veg. Ein ambulansebåt frå Austevoll var første båt i området.

– Ein person har hoppa i sjøen fordi båten haldt på å driva på land. Han er lokalisert, sa Kjetil Hagen i Hovudredningssentralen klokka 14.22.

Klokka 14.28 melde Hovudredningssentralen at mannen er plukka opp av ein sjark, og blir frakta til land i Timbervika i Telavåg med ambulansebåten Rygervakt. Etter det Vestnytt kjenner til, er mannen fullt medviten.

Det skal ha vore relativt store bølgjer oppetter svaberga, noko som har gjort det vanskeleg å koma seg på land på eiga hand.