Koronapandemien har prega nyheitsbildet i heile verda dette året, frå dei store metropolane til dei små bygdene. Behovet for informasjon og forklaring har vore stort, noko som viser igjen i topplista over dei mest lesne artiklane i Vestnytt.

Faste tenester i lokalavisa

Vi har sjekka kva lesarane vore har vore aller mest interesserte i gjennom året. Fleire av dei faste tenestene våre kjem høgt på lista, som webkameraet på Sotrabrua, der ein kan følgja trafikken direkte. Også dei andre trafikkameraa er populære. Tenesta der ein kan søkja i dødsannonsane er også mykje brukt, det same er kryssord og sudoku på nett.

I haust lanserte vi ei ny teneste på nett der ein kan sjekka prisane på bustader som er omsett den siste tida. Den har på kort tid seilt opp på årets topp ti-liste.

Aller mest interesse gjennom året er det for innhaldet i den såkalla kortnytten vår. Den blir oppdaterte fleire gonger dagleg med hendingar frå trafikken, politiloggen og andre korte meldingar om det som skjer i lokalsamfunnet.

Her er det mest populære innhaldet på vestnytt.no i år:

  1. Kortnytt fra Øygarden

  2. Siste nytt om korona i Øygarden

  3. Søk i dødsannonsene

  4. Følg trafikken på Sotrabrua direkte

  5. Sjekk bustadprisane i nabolaget

  6. Strammer inn flere smittevernregler

  7. Slik endrer koronareglene seg

  8. Foreldremøte avbrutt av grov porno

  9. Innfører nye korona-restriksjoner

  10. Mann fra Øygarden er død etter koronasmitte

  11. Strammar inn koronareglane: Her er tiltaka

  12. Ikke lov å samle mer enn fem personer

  13. Få med deg dagens kryssord og sudoku

  14. Snillere med hjemmebesøk, strengere med munnbindbruk

  15. Nytt smittetilfelle i Øygarden

  16. Dropper du munnbindet på butikken? Det kan koste deg 2.000 kroner

  17. Påbud om hjemmekontor og stans i breddeidretten

  18. De første årene av livet ble hun slått, forlatt og stengt ute fra sitt eget hjem

  19. Frontkollisjon på Straume, ein person send til sjukehus

  20. Apoteket må ut av senteret

Nyheitsåret på nett

Mange av artiklane om korona kjem høgt opp på lesarlista, inkludert kortnytten med siste nytt om korleis pandemien utviklar seg i kommunen vår.

Ser vi bort frå faste tenester, raske hendingar og meldingar om korona, finn du under ei liste over andre artiklar som har engasjert lesarane våre gjennom året.

1. Foreldremøte avbrutt av grov porno

2. De første årene av livet ble hun slått, forlatt og stengt ute fra sitt eget hjem

3. Frontkollisjon på Straume, éin person send til sjukehus

4. Apoteket må ut av senteret

5. Denne veien blir stengt i et halvt år

6. Full storm, enormt mykje regn og etterkvart kanskje snø

7. I tre år falt pasienten flere ganger hver måned, og fikk ikke hjelp til tannpuss. Nå får kommunen kritikk

8. Frå måndag av endrar dei køyremønsteret

9. Kan bli full storm i ettermiddagsrushet

10. Oljesjefen fra Brattholmen kjøper arbeidsplassen sin

11. Ulykke på Spjeld: Bil på taket

12. Ut med filmer, inn med e-sigaretter

13. Slik blir Sotrasambandet

14. Reagerer på at pendlarane skal betala for parkering: – Dette finn me oss ikkje i

15. Endå ein gong vart mange tatt på Beinastaden

16. To bilister i ulykke på Ågotnes

17. MC-ulykke på søre Sotra

18. Klart for fire nye blokker på Straume

19. «Til dere som har gjort dette, skam dere»

20. Søker hårete menn til TV-opptak på Ågotnes