Tunnelen opna att for trafikk like før klokka 18 tysdag.
Det melde vegtrafikksentralen, som gjekk ut med denne meldinga kring klokka 16.40: Lyderhorntunnelen mot Nygårdstangen stengt grunna oppryddingsarbeid.
Oppryddinga skal dreia seg om å få bort stein i vegbana.
Følg trafikken live
– Me veit førebels ikkje om det er stein som har falle frå tunneltaket og me har difor måtta stenga for å undersøkja, sa trafikkoperatør Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen til BA.
Entreprenør kom til for å undersøkja tunnelen, i mellomtida bygde køen seg opp på riksveg 555 i retning austover.