Dei som treng stønad til livsopphald, såkalla sosialhjelp, får litt ekstra no til juletida.

– Dette er ei gladsak av dimensjonar, sa Anita Garlid Johannessen (Frp) då formannskapet gav si tilslutning til julepengane.

Også i 2020 og 2021 fekk trengande ei lita handsrekking i jula. Men no kjem det litt meir pengar. I fjor vanka det 500 kroner ekstra til einslege, og 1000 kroner til dei med forsørgjaransvar, altså born.

Denne jula blir ekstrautbetalinga slik:

  • 1590 kroner for einslege

  • 2651 kroner for par

  • 900 kroner for barn som skal feira jul der

  • 450 kroner for barn som feirar jul hjå andre

Summane er noko høgare enn først planlagt, fordi dei er justerte i tråd med den kraftige prisstiginga ein har hatt dei siste månadane.

Høgare renter, svindyr straum og dyrare matvarer fører til at mange slit med å få endane til å møtast. Dei aller mest utsette vest for Sotrabrua får no litt større spelerom i jula.

– Må sjå på andre tiltak

– Seinare må me og sjå på andre tiltak. Det er så mykje vondt å lesa om korleis folk slit, seier Garlid Johannessen.

Julepengane kjem sjølvsagt i tillegg til den ordinære sosialhjelpa, som i Øygarden kommune har følgjande satsar:

  • Einslege utan barn: 6448 kroner

  • Ektepar/sambuarar: 10.746 kroner

I tillegg får ein pengar for kvart barn til og med fire barn. Satsen for barn kjem an på kor gamle barna er.