Publikum byrja å koma til Straume rett etter klokka åtte søndag morgon, og nokre av dei stilte seg opp ved løypa med ein gong. Mellom dei er Rita Solvi, som har tatt turen frå Skedsmokorset rett ved Oslo for å få med seg Sykkel-VM.

– Det er litt av ein fest! Eg var på OL på Lillehammer i 1994. Dette er mykje betre. Det er meir entusiasme og betre organisert, seier Rita.

– Dei som har gått i bresjen for VM bør få pris på idrettsgallaen, seier ho.

I fleire aviser har det vorte krangla om bergensarar er i overkant lokalpatriotiske og om dei tar litt vel mykje av når det skjer ting i byen. Det tykkjer ikkje Rita Solvi.

Likar patriotismen

– Eg tykkjer bergensarane og vestlendingane skal vera kjempestolte av patriotismen og engasjementet. Det er alltid morosamt når det skjer ting i Bergen, dei er opnare og meir inkluderande. I går traff eg femten andre frå Skedsmokorset, og dei var like entusiastiske og imponerte som meg, seier ho.

Solvi ser VM saman med søstera Linda Mjøs frå Sund. Dei er begge særs nøgde med stemninga.

Har tru på Sagan

– Det er jo ikkje eit einaste surt menneske i byen. Og så er det fantastisk at Sotra får vera med på dette, seier Linda.

I dagens fellesstart håpar dei på Edvald Boasson Hagen, men trur at Peter Sagan kan bli for sterk for dei norske.

– Me skal stå her på Straume til syklistane er forbi, så tek me første buss til sentrum for å få med oss resten av rittet der, seier Linda Mjøs.