Det var politiet sin operasjonssentral som melde om den noko spesielle aktiviteten ved ein kai i Øygarden tysdag kveld:

Ei kvinne skal ha sprunge naken rundt der i minst ein halvtime. Rett bak sprang ein mann, tidvis med buksa på knærne.

– Me har fått fleire meldingar om dei to. Dei skal vera godt rusa, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Politiet rykka ut til kaien, som skal liggja i nærleiken av Rong.

– Det viktigaste er å passa på at dei ikkje dett på sjøen, sa han.

Dei førebels siste meldingane politiet fekk før dei kom fram, tyda på at både mannen og kvinna etter kvart hadde fått klede på seg.

Rundt klokka 22 melder politiet at dei har vore i kontakt med partane, som skal ha vore godt rusa. «Partane har fått pålegg om å oppføra seg. Politiet avsluttar på staden», skriv operasjonssentralen på Twitter.