Nokon har lagt frå seg ein 15 fots Pioner småbåt ved Tofterøy. Finnaren har tatt hand om båten, men no ønskjer politiet at eigaren dukkar opp og tar med seg mjukplastbåten.

– Båten vart funne fredag i Risøyvågen, fortel politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy.

Pioneren har ikkje motor eller årer, og er utan kjennemerke. Det ligg ein tom bensintank i båten. Politiet har ingen grunn til å tru at nokon i båten har hamna i havsnaud.