Som om me ikkje fekk nok vatn i store delar av november slår også julemånaden desember til med mildvêr og regn.

– Det vert 8–10 plussgrader i låglandet og snøgrensa vil stiga til 1500–2000 meter. Sjølv på Finse vil det bli periodar med plussgrader, seier meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt i Bergen til NRK Hordaland.

Store nedbørsmengder og mykje snøsmelting i fjellet bidreg til at meteorologane måndag ettermiddag sende ut såkalla Fase A-varsel, som tyder at lågtrykket kan medføra farleg vêr og utvikla seg til ekstremvêr.

– Dersom dette utviklar seg ytterlegare, kan det hende vi går over i Fase B og gir det eit ekstremværnavn, seier meteorolog Martin Granerød.

Han varslar opp til 140 millimeter nedbør frå måndag kveld og fram til natt til onsdag. «Trøysta» her vest for Sotrabrua er at det er andre delar av Hordaland som tek den verste støyten.

– Slik det ser ut no er det indre og midtre delar av fylket som vil få dei største nedbørsmengdene, seier Granerød.

Sidan det også er i desse delane av Hordaland snøsmeltinga vil vera størst, har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gått ut med flaumvarsel. Kraftig nedbør og mykje snøsmelting vil føra til stigande vassføring og fare for flaum på oransje nivå, som er nest høgaste varslingsnivå. Flaum på oransje nivå kan føra til alvorlege skader.

– Me vil få eit vindfelt som legg seg vest og sørvest rett på Vestlandet og gir veldig fuktig og mild luft, seier meteorolog Martin Granerød.

Ut i veka kan det også ta seg kraftig opp med vind, men her er prognosane førebels usikre.