Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Vegtrafikksentralen meldte i halv to-tida fredag at riksveg 555 Sotrabrua var stengt i eitt felt grunna trafikkuhell. Det medførte saktegåande køar både på riksvegen og på Straume.

Føraren av lastebilen er ein 30 år gamal mann, medan føraren av personbilen er ei kvinne i 20-åra. Det er uvisst om det var fleire personar i bilane.

– Ein person klaga over smerter i rygg, medan ein annan hadde smerter i hovud og nakke, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt etter at bilen er taua bort av Viking.

Politiet har oppretta sak.

– Det dreier seg om ein påkjørsel bakfrå og det ser ut til at austgåande felt er blokkert, altså i retning Bergen. Vestover går trafikken sakte, seier trafikkoperatør Jan Marøy i halv to-tida.

Han opplyser at både brannbil og to politibilar er framme på staden, men vegtrafikksentralen har ikkje fått tilbakemelding frå politiet om skadeomfang.

Køen sto til Bildøy etter trafikkuhellet. Foto: Inger Elise J. Økland

– Det er førebels ikkje meld om personskade, opplyser Hans-Erik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til BA.

Trafikkuhellet har skjedd i retning Bergen, på sotrasida av brua. Det vart meldt inn til politiet klokka 13.12.

Sotrabrua er no open for trafikk i båe retningar, men det har bygd seg opp kø frå Bildøy og austover. På Straume er det mykje kø i området kring Sartor senter.