Tre legar i Øygarden kommune vart måndag sett i karantene. Det gjeld to legar ved Straume legesenter og ein lege ved Øygarden legekontor.

– Legane ved Straume legesenter har vore i kontakt med ein pasient som har fått påvist korona-smitte, fortel smittervernlege Jens Eikås.

Borte i fjorten dagar

Dei to legane må belaga seg på fjorten dagar i karantene. Får dei symptom som kan tyda på korona, blir det fjorten nye dagar i karantene uansett om prøvar av dei slår positivt ut eller ikkje.

Legen ved Øygarden legekontor har vore i kontakt med ein pasient som kan vera smitta. Det vart tatt prøve av denne pasienten måndag, og prøveresultatet er venta tysdag ettermiddag.

– Dersom prøven er negativ, treng ikkje denne legen vera i karantene lenger, seier Eikås.

Vanskeleg å unngå

Når legar må i karantene, fører det naturleg nok til kapasitetsproblem og auka ventetid ved legekontora. Etter det Vestnytt kjenner til, vil karantenane ikkje få konsekvensar for kapasiteten ved legevakten på Straume.

Dersom korona-viruset spreiar seg vidare, kan det i verste fall skje at fleire legar og anna helsepersonell må i karantene.