Trafikkartet øverst i artikkelen viser kva for vegar som er mest trafikkert til ei kvar tid. Grønt betyr at trafikken flyt godt, raudt betyr at det er kø. Jo mørkare raudfarge, jo meir kø. Klikk på kartet for å zooma eller endra utsnitt.
Måndag morgon er første dagen med endra køyremønster på Litlesotra og Bildøy. Det blir forbode å snikøyra austover over Bildøy, og store delar av innbyggjarane blant anna på Våge, Foldnes, Straume, Brattholmen og Arefjord må ta ei anna rute enn vanleg dersom dei skal austover mot Bergen på riksveg 555.
Det betyr også at mange innbyggjarar som bur i desse områda, men som ikkje skal ut på riksvegen, også etter alt å døma blir ståande i kø.
Sjå fleire trafikkamera her, frå Kolltveit, Straumssundet, Straume og Drotningsvik