Hildegunn fekk i slutten av 2017 påvist brystkreft. Etter eit år med behandling og vondt i ryggen viste undersøkingar at Hildegunn hadde fått spreiing til skjelettet. Ho fekk fem-seks år å leve. Situasjonen var alvorleg.

Trass i at Hildegunn gjekk gjennom fleire rundar med krevjande behandling, svara ho med å gripe tak i livet. Kreften skulle få kamp, og ho skulle fylle livet med normale dagar. Ho sette seg godt inn i sjukdommen sin. Ho var seg sjølv lik, og var godt forberedt på kva som venta.

Ho involverte familie og venner, samt dei som spurte. Hildegunn starta på skule og halt fram med å vera engasjert som frivillig i familiehjelpen Home-start. Dette gav Hildegunn mykje. Ho treivst særs godt på skulen, og fekk mange nye kjente der som ho sette stor pris på. Trass i at sjukdomen utvikla seg og spreidde seg til levera i november 2020, tok ho vakter som vikar på SFO ved Knappskog skule i februar i år.

Dette var til stor glede for Hildegunn. I Home-start var ho i kontakt med fleire fine familiar og ho fekk føle seg nyttig, noko som var viktig for henne. Ho hadde eit ynskje om at hennar erfaringar skulle være tilgjengeleg for andre om det kunne være til hjelp. Ho omfamna sjukdommen, trass i at det kjendest urettferdig og uverkeleg til tider. Ho trena og var aktiv gjennom vinteren, med blant anna isbading med «Duppelaget» kvar onsdag kveld. Dette var noko ho ville anbefale dei fleste å prøve. Hildegunn var sterk og fekk delta i livet heilt til det siste. Seinast onsdag 14.april helt ho foredrag for legestudentar på Haukeland sjukehus.

For oss var og er Hildegunn spesiell. Ho tok sin plass i familien som den som er forberedt og alltid har løysinga på lur om du har gløymt noko, eller om logistikken ikkje går opp. Ho var engasjert i absolutt alle. Ho var ei løvemamma som sto nær jentene sine i alt dei gjorde, eller skulle erfare. Den næraste familien var viktig for Hildegunn. Anders, Synve og Malin. Dei fire saman var hennar ultimate firkløver.

Likevel hadde Hildegunn eit enormt overskot til alle utover dei næraste, og nettopp på grunn av dette, opplever vi ei enorm støtte rundt hennar bortgang. Det er vi takksam for. Hildegunn fekk også oppleve denne støtta då ho velde å gå opent ut med kreftsjukdomen. Det starta med at vi som kjenner henne fekk vite om forløp og operasjonar. Ho gjorde arr og ugjevnheiter til normalen og dei som ville, fekk sjå, spørje og vite. For Hildegunn handla dette om å finne livsglede og vise andre at det er mogleg, når livet spelar ein i mot. Hildegunn klarte å fortsette livet og sin eigen veg, trass i sjukdom.

Ho møtte folk med sitt gode humør og var open med alle. Å gå ein tur i nærmiljøet med Hildegunn kunne ta ei tid, om andre også var ute på stien. Hildegunn snakka med alle. Hennar enorme overskot, engasjement og smittande humør har sett spor. Ho vart som svar på dette, møtt med overveldande støtte, noko Hildegunn uttrykte stor takksemd og glede over.

Vi ynskjer at Hildegunn sin livsglede og hennar fokus på openheit skal leve videre i alle dei som fekk følgje henne.

Vi tek med oss alle gode minner og lærdommen, kjære Hildegunn.

Sølvi Kobbeltveit, på vegner av familien