Politiet og 110-sentralen melde rett før klokka 09.00 at tre bilar har vore involvert i ein kollisjon på Puddefjordsbroen i Bergen. Dermed vart det problem på hovudfartsåra frå vest.

Det skal ikkje vera tale om personskader.

Det var saktegåande trafikk på Puddefjordsbroen. Eitt felt var stengt på grunn av trafikkuhellet, men opna att etter relativt kort tid.

Klikk her for å sjå korleis det går i trafikken.