På Tofterøy skal eit bål skal ha vore ute av kontroll laurdag, melde 110-sentralen.

– Det dreidde seg om 50 kvadratmeter som vart svidd av då vinden tok tak i eit bål. Det er ein dårleg idé å brenna bål i dag, sa vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen.

Brannvesenet sin operasjonssentral i Hordaland ba alle vera ekstra varsame med å gjera opp eld utandørs.

– Det er fleire gras- og lyngbranntilløp no, då det stadvis er svært tørt i terrenget, melde 110-sentralen laurdag.