Slik var den første VM-dagen

Fleire hundre syklistar og mange tusen tilskodarar set farge på Sotra og Øygarden denne helga.

Det var folkefest på Rong då starten gjekk. Foto: Jan Willie Olsen

  • Kyrre Styve
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Selfier må til når det er VM og ein har stasa seg opp. Foto: Kyrre Styve

Då er historias første VM-ritt på Sotra over. Klikk her for å sjå ei stemningsrapport.

I morgon er det klart for det mest prestisjetunge rittet i VM: Herrane sin fellesstart, med Kristoffer Skjerping frå Sekkingstad. Han gler seg vilt.

Julius Johansen tek eit klart gull.

– Det var fantastisk, sa dansken på TV rett etter målpassering.

Dei norske syklistane, som det på førehand var knytta store forventningar til, nådde ikkje opp i medaljestriden.

Når det nærmar seg mål, er danske Julius Johansen suverent i tet.

Det er eit par mil att av løpet, og det tettar seg til. Fleire norske er med langt framme. Ei gruppe ryttarar har lenge fått liggja i brot, men det ser ut til at dei er i ferd med å bli tatt igjen.

Her på Rong går starten. Publikum er tidleg ute. Foto: Jan Willie Olsen

På Straume er delar av runden rundt Sartor framleis avsperra. Her var det enormt med syklistar og publikum tidlegare.

Her var det fullt kjør då syklistane kom forbi. Men så forflytta publikum seg til storskjerm og kafear. Foto: Kyrre Styve

Vegane opna att klokka 10.50, det er 40 minutt tidlegare enn varsla. Dermed er det no fritt fram å køyra på fylkesveg 561, riksveg 555, rundt Bildøy og på vestsidevegen. Men i Bergen er det framleis stengte vegar.

Folk følgjer med på den siste delen av rittet via storskjermane rundt om i Fjell og Øygarden. På Straume er det eit folkehav.

Lurar du på kva som kjenneteiknar syklane VM-deltakarane brukar? Meir om det finn du her.

Det er ikkje berre norske flagg blant tilskodarane. Foto: Kyrre Styve

Det er mykje klabb og fall blant juniorane. Dei norske ryttarane har hevda seg sterkt, men har også vore involvert i ein av episodane.

No har feltet forlengst kome seg over Sotrabrua, men festen rundt om på Sotra og i Øygarden held fram.

Det vart dramatisk då feltet tok runden rundt Sartor. Rett før Temahuset velta ein ryttar, og det vart fullt kaos. Sjå video av fallet!

Starten er gått, og med juniorar kan ein forventa hardkjør frå start.

VM-songane og anna underhaldning skapar stemning på Straume. Sjå video!

Starten på Rong går klokka 09.30. Så syklar dei sørover langs fylkesveg 561, tek austover gjennom Kolltveittunnelen og over Bildøy, så skal dei ein runde rundt Sartor storsenter og etter det vidare på riksveg 555 over Sotrabrua.

Det er ein betydeleg politi-beredskap i regionen under VM.

Juniorane skal rundt Laksevåg i staden for snarvegen gjennom Damsgårdstunnelen. I Bergen skal dei sykla fleire rundar i ei lang sløyfe. Total lengde på dagens ritt er 135,5 kilometer.

Også firbeinte har pynta seg til VM. Foto: Kyrre Styve

Det går særs raskt når verdas beste syklistar tek seg fram på hovudvegane i regionen vår. Faktisk er dei over Sotrabrua på rundt tre kvarter.

Over heile regionen har skulane førebudd seg til VM-festen. Sjå video av Toftøy-elevane sin oppvarming her:

Les også

Varma opp til VM

I dag stenger hovudvegane mellom Rong og Sotrabrua mellom 08.45 og 11.45. Her kan du lesa meir om trafikkreguleringane.

Innan sykkel er det fellesstart som gjeld, og lite ragar høgare enn fellesstart i VM. Her kan du lesa meir om ritta som går gjennom Øygarden og Fjell.

På Rong er det pynta, og i startområdet er det allereie liv og røre. Foto: Jan Willie Olsen

Fjell Brass har fått i gang instrumenta, og underheld ein veksande publikumsmasse på Straume. Foto: Kyrre Styve

I dag er det juniorherrane som skal ut og sykla fellesstart. Det norske juniorlaget har vore best i verda i år, difor kan me håpa på at nokon av dei norske ryttarane er med og kjempar om medaljar.

Kjellemann og Tony Ågotnes frå P5 er på plass for å underhalda. Dei er langt mindre morgontrøtte enn folk flest, og flettar inn langt fleire engelske ord enn folk flest. Foto: Kyrre Styve

Straume vaknar sakte men sikkert til liv. Her blir det framføring av VM-songane og andre nummer frå scena, og rundt halvtimen etter starten på Rong kjem syklistane rundt Sartor.

Det er klart for den første VM-dagen i regionen vår, etter ei veke med publikumssuksess i Bergen og på Askøy.

Det var folketomt på Straume litt etter klokka sju laurdag morgon. Men heile området byrjar å yra av aktivitet, og rundt klokka ti kjem syklistane. Foto: Kyrre Styve

Syklistane skal over fleire bruer før dei kjem til fastlandet. Den første er Rongesundet bru. Foto: Inger Elise J. Økland (arkiv)

Publisert:
  1. Sykkel-VM

Mest lest akkurat nå

  1. Ho sender mange turistar til Øygarden – håpar fleire vil satse

  2. Feilet to ganger foran kontrollørene fra Vegvesenet

  3. Har kun hatt ett barnehagetilsyn på halvannet år

  4. Seks nye smittede i Øygarden fredag

  5. Ho blir ny rektor på Øygarden ungdomsskule

  6. Kun en annen Vestlands-kommune har flere arbeidsledige enn Øygarden