Skulane skal spara, men lyser etter folk

Andreas Kallekleiv (H) reagerer på at skulane i Øygarden lyser ut stillingar, samstundes som sektoren skal spara.

Publisert: Publisert:

Andreas Kallekleiv (H) reagerer på at det vert lyst ut stillingar innan oppvekst, samstundes som sektoren skal spara. Foto: Elise Årdal (arkiv)

  • Karstein Sæverås

– Det vert lyst ut stillingar innan oppvekst, ei eining som i Øygarden har fått beskjed frå oss politikarar om å effektivisera med 28 årsverk. Det får eg ikkje heilt til å henga saman, seier Kallekleiv.

Han tok opp problemstillinga då formannskapet hadde telefonmøte tysdag. Kommunedirektør Rune Lid vedgår at det er krevjande å balansera kravet om innsparing mot behovet for bemanning, til dømes i skulane.

– Det er krevjande å halda att når ei teneste krev at folk som går ut vert erstatta, seier Rune Lid.

Kallekleiv tok også opp spørsmål kring korleis ein ser dei «overtallige» eller «ikkje innplasserte» tilsette i kommunen, dei som er plassert i den såkalla «ressursgruppa», opp mot det å lysa ut jobbar eksternt.

På kommunen si nettside vert det lyst etter lærarar til neste skuleår, sjølv om kommunen skal spare i undervisningsområdet. Foto: Skjermdump

– Dei som er i ressursgruppa skal handterast på ein korrekt måte. Kvalifikasjonane deira vert vurdert inn mot alle ledige stillingar, seier Rune Lid.

Ved starten av året var det 20 tilsette i ressursgruppa til Øygarden kommune.

– Me jobbar for å finna andre stillingar dei er kvalifisert for i kommunen, slik at dei kan fasast ut av ressursgruppa. No er det 18 årsverk att i denne gruppa, seier Anne Erdal, kommunalsjef for økonomi i Øygarden.

Publisert:

Les også

  1. Flere overtallige har fått nye stillinger i kommunen

  2. No er han budd på bråk

  1. Oppvekst
  2. Øygarden kommune
  3. Bemanning