Nettmøtet handla om korona, og ordføraren og smittevernlegen svarte på spørsmål frå lesarane. Her kan du lesa spørsmåla og svara. Heile videoopptaket blir lagt ut seinare.

Dersom korona-testen er negativ, kan ein likevel vera smitta?

Jens Eikås: Ja, ein skil ikkje ut virus før ein har symptom. Og ein kan jo ha symptom som er frå ein annan sjukdom, og så blir ein testa, men i mellomtida kan ein ha blitt smitta av korona. Difor er det veldig fornuftig med fjorten dagars karantene, sidan inkubasjonstida på korona er inntil fjorten dagar.

Dottera mi på 11 år har infeksjonsutløyst astma men har ikkje tatt medisinar på eit år. Bør ho starta på medisinar att no?

Jens Ekås: Det kjem an på symptoma. Byrjar ho å bli tett er det greit å liggja i forkant. Folk med astma kan bli ekstra sjuke. Dersom ein blir skikkeleg dårleg, bør ein kontakta lege.

Er kriteria for å bli testa endra?

Tom Georg Indrevik: Kriteria blir endra fortløpande. Me testar berre dei som skal testast etter Folkehelseinstituttet sine reglar. Det er mangelvare på testutstyr, og difor vil det bli mange som ikkje blir testa.

Kor blir virologi-prøvane analysert og kva er forventa svartid? Blir testkapasiteten betre eller verre framover?

Jens Eikås: – Dei blir analysert på mikrobiologisk avdeling på Haukeland. Svartida kan variera frå eitt til tre døgn. No har dei fått inn ein del nytt utstyr, så svartida er forventa å gå litt ned. Også det at det er mangel på testutstyr rundt omkring kan gjera at svartida går ned, då det blir færre testar å analysera.

Følgjer de den kommunale beredskapsplanen for pandemisk influensa, eller må de improvisera?

Tom Georg Indrevik: Kommunal kriseleiing har møte kvar dag klokka 9 og 15 og i helgene klokka 12. Denne situasjonen me har no var det vel ingen som var førebudde på. Pandemiplanen var bygd på andre scenarier, mellom anna vaksinering. No finst det jo ikkje vaksine, og medisinane er mindre effektive. Difor må me, om ikkje akkurat improvisera, så i alle fall planleggja anleis. Men strukturen byggjer på pandemiplanen, slik som at det no er oppretta ekstra legevakt i Sotra Arena.

Dersom eg blir sjuk og held meg heime, må eg kontakta nokon og bli registrert?

Jens Eikås: Nei, då skal du berre halda deg heime med mindre du blir veldig sjuk. Og ein skal halda seg heime minst eitt døgn etter at ein blir symptomfri.

Tom Georg Indrevik: Me ser at det blir jobba nasjonalt med eit system for sjølvregistrering, men det er ikkje klart enno.

Når er ny medisin mot korona klar?

Jens Eikås: Det veit me ikkje. Det er mange som jobbar hardt med det mange ulike stader. Det handlar om medisin som kan dempa sjukdomen, slik som Tamiflu som var ganske effektiv mot svineinfluensa. Og så handlar det om vaksine. Men per no har me korkje vaksine eller nye medisinar mot korona.

Blir 17. mai avlyst, og kor lenge blir skulane stengt?

Tom Georg Indrevik:Det blir 17. mai uansett, men me må nok førebu oss på å feira dagen på ein litt annan måte enn vanleg. Slik er det også med dei som har bursdag for tida. Når det gjeld skulane, følgjer me instruksane frå nasjonale styresmakter, sjølv om me var litt tidlegare ute enn dei me å stenga skulane. Me førebur oss på at dette kan vara lenger enn me håpar det gjer, så kan me heller bli glade om det tek kortare tid enn venta.

Kva direkte økonomiske konsekvensar får situasjonen for kommunen?

Tom Georg Indrevik: Det veit me ikkje per i dag. Det har konsekvensar for reint kommunale aktivitetar, men me er blitt lova at staten skal vera med på å dekkja utgiftene. Det er langt meir utfordrande korleis den enkelte og familiar blir råka. Det har langt større konsekvensar for samfunnet.

Har Øyvar nok bemanning til å til dømes analysera vatnprøvar?

Tom Georg Indrevik: Øyvar har ein eigen beredskapsplan, og har delt drifta inn i tre soner for å redusera faren for smitte mellom dei tilsette. Øyvar har rutiner for denne type situasjonar, og eg har ikkje informasjon om at dei har for lite kapasitet til vatnprøvar.

Kor mange trur de går rundt og er smitta av korona?

Jens Eikås: Det var eit cruiseskip der dei måtte isolera heile skipet, og såg på kva symptom dei hadde og kor mange som testa positivt. Det viste seg at det var om lag halvparten av dei smitta som hadde symptom. Det vanskelege er dei som ikkje veit sjølv at dei er smitta. Det er difor me har stengt ned så store delar av samfunnet. Dei tok og CT av lungene til dei som var friske men hadde testa positivt. Dei hadde forandringar i lungene som viste at det var full virusaktivitet der.

Tom Georg Indrevik: Det er jo ein grunn til at me ber folk vera heime, at dei ikkje får lov å spela fotball eller samlast med vener. Det er veldig viktig at folk er med på den dugnaden.

Er det lov å tenna bål i naturen, med tanke på at ein då kan opphalda brannmannskap?

Tom Georg Indrevik: Som gamal speidar vil eg seia at ein alltid skal vera varsam med å tenna bål i naturen. Og no bør einkanskje vera endå meir forsiktig enn vanleg. Naudetatane som kan hjelpa deg er kanskje opptatt med andre ting. I BT sa ein lege at dette ikkje er tida for å klatra høgt i stigar eller springa i fjellet.

Jens Eikås: Ogsåi naudetatane kan det vera mange i karantene, så dei kan ha mindre kapasitet enn vanleg.

Er det lov med dagstur på hytta?

Tom Georg Indrevik. Det er lov. Eg forstår at mange har lyst å vera på hytta. Det er no lov å besøka hytta, men ikkje å overnatta der.

Leilegheita vår er under rehabilitering og er ikkje bebueleg. Dette var planlagt for lenge sidan, og planen var å bu på hytta. Me er to vaksne i husstanden, og har ingen annan stad å bu. Kan me vera på hytta?

Tom Georg Indrevik: Eg kan ikkje gje eit spesifikt svar her, men kommunen har ikkje rett til å gje dispensasjonar.

Er det praktisk mogeleg å unngå å bli smitta når ein i husstanden har viruset?

Jens Eikås: Det er eit vanskeleg spørsmål. Tilrådinga er at ein må vera veldig varsom, og vera nøye med reinhald. Dersom ein til dømes har ei kjellarleilegheit kan kanskje den smitta flytta inn i ein annan del av huset.

Korleis er det med sjukemelding for personar som jobbar offshore når dei får sjukdom? Eigenmelding eksisterer ikkje når ein jobbar rotasjon.

Tom Georg Indrevik: Reglane blir endra fortløpande. Det beste er nok å ta det opp med arbeidsgjevar. Eg trur ikkje det er noko som ønskjer at smitta personar stiller på jobb.

Skal foreldre som har samfunnskritiske jobbar og difor barn i barnehage no, betala for barnehage?

Tom Georg Indrevik. Nei, dei blir ikkje fakturert. Barnehagar og skular er no ei tilsynsordning, og ikkje ei fullgod teneste. Me bestemte tidleg at folk ikkje skal betala for dette. Me ønskjer ikkje å auka belastninga på innbyggjarane.

Er det tenkt på at ein til dømes på institusjonar kan gå tolvtimarsvakter og ei veke av og ei veke på, og at personell slik kan gå i karantene i friperiodar?

Tom Georg Indrevik: Det blir jobba fortløpande med organiseringa for å redusera smitte. Det er til dømes difor at assisterande kommunalsjefar og varaordførar ikkje er på kontora no. Det blir gjort tilsvarande tiltak i helsesektoren.

Jens Eikås: Det blir jobba mykje med å få vaktene til å gå i hop. Me har ikkje vore aktivt inne og vurdert slik turnus, men det er vanskeleg å snu opp ned på eksisterande opplegg.

Kor lenge trur de viruset har vore i Noreg? Alle i huset vårt har vore sjuke frå rundt juletid, med koronaliknande symptom. Ein av oss vart så dårleg at han vart innlagt på Haukeland, der han i slutten av desember testa negativt på influensa.

Jens Eikås. Akkurat kva tid det byrja i Kina veit me eigentleg ikkje. Det er vel sagt at det var i desember. Men kor lenge det har vore i Noreg veit me ikkje. Før i tida tok det tid for eit virus å spreia seg, men no er det jo berre ei flyreise mellom kontinenta. Me kan ikkje utelukka at det kan ha kome tidleg hit.

Har me nok utstyr, legar og sjukepleiarar til å ta vare på alle, også dei som har andre ting enn korona?

Jens Eikås: Per i dag fungerer det godt. Med legevaktordninga på Sotra Arena kan ein til dømes vera tryggare på at ein kan gå til fastlegen utan å bli smitta av korona. Eg snakka med ein fastlege i ein annan kommune, hanb rukar å ha 25 pasientar dagleg. No har han tre til fire.

Tom Georg Indrevik: Per no har me god kontroll på situasjonen, og planlegg for neste fase der det kanskje blir fleire som treng hjelp. Det er ingen som veit heilt korleis utviklinga blir, men me er så godt førebudde som det er mogeleg å vera. Me har mykje helsepersonell som er ute av aktiv teneste, og det påverkar mellom anna heimetenestene der me har måtta redusert til eit minimum.

Er det ok å ha besøk? Mor mi er åleine, og eg tenkte me skulle henta ho heim til oss på besøk.

Jens Eikås: Rådet er å ikkje menga seg meir enn naudsynt. Det er ikkje eit direkte forbod, men ein bør halda seg mest mogeleg for seg sjølv. Det handlar om å begrensa risikoen for å spreia smitte. Står fyrstikker på ei rekkje, kan ein dersom dei står langt nok frå kvarandre tenna på ei av dei utan at dei andre tar fyr.

Tom Georg Indrevik: Bruk telefon, skype og andre løysinger. Eg håpar folk er kreative no for å halda kontakten på slike måtar heller enn å besøka kvarandre. Me kan gå tur i skogen, men også der er det viktig å halda avstand til folk.

Jens Eikås: Me har ikkje medisin mot korona, me har ikkje vaksine. Det einaste middelet me har er at folk ikkje møtest.

Tom Georg Indrevik: Folk må forstå kor alvorleg dette er. No ligg fleire unge menneske på intensiven med korona.