Fleire butikkar har tilbod om utkjøring av mat. No byrjar også Cesar Mat på Straume med utkøyring til kundar. Bakgrunnen er å hjelpa dei som slit med å koma seg på butikken og å begrensa kundekontakt for å hindra smittespreiing.

A-Taxi tilbyr både handling og heimkøyring av mat. Altså kan drosjesjåføren gå i butikken for deg. Ifølgje ei pressemelding desinfiserer dei berørte overflater etter kvar tur. A-Taxi presiserer at dei ikkje handlar alkohol eller resept-medisinar.

Kjenner du til andre tiltak eller hjelparar som har kome på plass under korona-utbrotet? Gje oss ein lyd :)