Vi hadde ikkje trudd at slutten av 2021 skulle vera prega av akkurat det same som starten av året: Heimekontor, munnbind, sosial distansering og andre tiltak for å avgrensa spreiing av korona. Men slik har det blitt, og det kjem sjølvsagt til syne i oversikta over mest leste saker på vestnytt.no.

Faste tenester

Dei faste tenestene som er tilgjengelege frå forsida heile året, pregar naturleg nok topp ti-lista over det meste leste innhaldet på vestnytt.no:

  1. Kortnytt fra Øygarden

  2. Koronautbruddet i Øygarden

  3. Søk i dødsannonsene

  4. Sjekk kor mange som er vaksinerte og smitta i Øygarden

  5. Sjekk bustadprisane i nabolaget ditt!

  6. Siste nytt fra brannen

  7. Seks ferske oppgåver kvar einaste dag: Kryssord, sudoku og ordjakt

  8. 40 personer evakuert – brannen har spredt seg over store områder

  9. Sjå på webkamera korleis trafikken går

  10. Minst ein kilometer brei brann-front

Brann og arbeidsliv

Når ei krise rammar slik som koronapandemien har gjort, er det viktig for oss å gi abonnentane den beste oversikta dei kan få. Difor har vi brukt svært mykje av tida og ressursane våre på det også i år.

Men ser vi vidare nedover lista, er det fleire ulike tema og artiklar som har vekt interesse blant abonnentane.

Siste nytt i eigen app

Vestnytt har i mange år hatt ein eigen app for e-avis, der du kan lese ein kopi av papirutgåva på skjerm. I sommar lanserte vi også ein eigen nyheitsapp, der du kan lesa nettavisa. Ein av fordelane med nyhetsappen er at du kan aktivera push-varslingar til telefonen dersom du ønsker det. Då er du blant dei første som får med deg siste nytt frå Øygarden kvar einaste dag.