Kjempa for helse- og oppvekst i fylkesmeisterskap

– Det er spanande å utfordre seg sjølv innanfor det vi held på med i skulekvardagen.

Publisert:

Ingrid Fjeldstad Eriksen og Malene Nordtvedt Skaga fekk i oppgåve å ta hand om ein pasient i ein omsorgsbustad under fylkesmeisterskap i helsearbeidarfaget. Foto: Erik Støverud

  • Erik Bentdal Støverud

Det seier Malene Nordtvedt Skaga. Saman med tre andre elevar frå Sotra deltok ho i fylkesmeisterskapet i helse- og oppvekstfag i Knarvik kyrkje i Alver kommune på onsdag.

Har øvd mykje

Helsefagarbeidar-elevane frå Sotra var dei første som skulle i aksjon på onsdag. Ingrid Fjeldstad Eriksen (17) frå Tjeldstø og Malene Nordtvedt Skaga (17) frå Tellnes hadde førebudd seg godt.

– Vi har gått gjennom kva vi skal gjere og kven av oss som skal gjere kva. Så øver vi mange gonger. Det er viktig å lese og pugge på det ein får på sjølve oppgåva, og prøve ut ting i praksis, slik at ein kan lære seg å utføre stell på best mogleg vis for pasienten, seier dei to jentene.

– Korleis er det å vere med i ein slik konkurranse?

– Det er veldig interessant og lærerikt. Og så er det noko anna enn det vi gjer til vanleg, seier Eriksen.

Elevane frå Sotra vidaregåande skule er klare for innmarsj. Foto: Erik Støverud

Verdifull oppleving

Guro Emilie Forland (18) frå Forland og Leah Rebekka Toft Kausland (17) frå Telavåg var med i konkurransen i barne- og ungdomsarbeidar-faget. Ingen av dei har vore med på noko liknande før.

– Dette er nytt for oss begge. Her får vi verkeleg prøvd oss i faget som vi lærar på skulen. Dette var ei heilt ny utfordring, seier dei.
Deltakarane skulle ha eit opplegg for barneskuleelevar i andreklasse.

– Vi planla korleis vi kunne få inn tema som fysisk aktivitet og kultur på same tid. Så har vi jobba med å få inn alle dei små detaljane som spørsmåla vi skulle spørje barna om og korleis ein skulle formulere seg, forklarar Forland.

Det blei ikkje siger for Sotra-elevane. Laga frå Knarvik vidaregåande skule vann både barne- og ungdomsarbeidarfag og helsefagarbeidar på heimebane.

– Vi var med i denne konkurransen fordi det verka interessant og var ei verdifull oppleving. Det hadde vore veldig gøy å vinne, men vi unner alle dei andre å vinne også. Vi tek uansett med oss mange erfaringar, seier Ingrid Fjeldstad Eriksen og Malene Nordtvedt Skaga.

Rekordmange deltakarar

Onsdag var 24 deltakarar frå åtte skular i aksjon då fylkesmeisterskapet for helse- og oppvekstfag blei arrangert i Knarvik kyrkje i Alver kommune.

Til saman var meir enn 400 personar samla i Knarvik kyrkje i Nordhordland under fylkesmeisterskapet i helse- og omsorgsfag på onsdag. Foto: Erik Støverud

Seks lag var med i kvar av dei to konkurransane. Det var to deltakarar på kvart lag.

I år var det Knarvik vidaregåande skule som var vertskap for konkurransen.

– Det blei rekordpåmelding denne gongen. Til saman var over 400 menneske samla i kyrkja. Vi er svært nøgd med oppmøtet, seier avdelingsleiar Patrick D’Incan ved Knarvik vidaregåande skule.

Vinnarane frå fylkesmeisterskapet får delta i skule-NM i Mandal som finn stad i midten av april. Og laget som blir noregsmeister får delta i VM.

Ingrid Fjeldstad Eriksen, Malene Nordtvedt Skaga, Leah Rebekka Toft Kausland og Guro Emilie Forland representerte Sotra vidaregåande skule i fylkesmeisterskapet i helse- og omsorgsfag. Foto: Erik Støverud

Sotra-elevane hadde med seg sin eigen heiagjeng. Foto: Erik Støverud

Guro Emilie Forland og Leah Rebekka Toft Kausland var med i konkurransen i barne- og ungdomsarbeidar-faget. Foto: Erik Støverud

Det var eit proft opplegg med innmarsj og det heile under fylkesmeisterskapet i helse- og omsorgsfag i Knarvik kyrkje. Foto: Erik Støverud

Mange dommarar var i sving. Foto: Erik Støverud

Elevar frå andreklasse ved Knarvik barneskule var hyra inn til konkurransen i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Foto: Erik Støverud

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann laget kvalme og slo til annen person

  2. Øygarden tapte sin første seriekamp

  3. Her går kloakken rett i sjøen

  4. Vil du til Lattervika eller Brokeskiten?

  5. Daniel (43) døde alene på akuttmottaket – nå får samboeren erstatning

  6. Interessen for Kystpasset har eksplodert

  1. Sotra vidaregåande skule
  2. Skole og utdanning