– Det er fantastisk tilfredsstillande for oss å endeleg slå den gamle opplagsrekorden på 6.199 abonnement, smiler ansvarleg redaktør Marit Kalgraf.

– Vi har jobba knallhardt dei siste åra for å nå innbyggjarane her ute i vest med engasjerande lokalt innhald, held ho fram.

Lever for abonnentane

Onsdag offentleggjorde Mediebedriftenes Landsforening (MBL) opplagstala for perioden januar-juni 2019. Tala viser at Vestnytt har eit godkjend opplagstal på 6.413 abonnentar, mot 6.184 ved førre måling. Det er ein auke på 3,7 prosent.

Den nye rekorden er på heile 214 fleire enn rekorden som vart sett i førre årtusen, i 1998.

– Skal lokalavisa leva vidare og spela ei rolle, er vi heilt avhengige av å nå nye lesarar. Difor er vi takksame for kvar og ein av abonnentane våre, seier Kalgraf.

Saka held fram under statistikken.

Kan alltid bli betre

Opplagstala er rekna ut frå ei fordelingsnøkkel med papiravis og nettavis.

Vestnytt kom ut for første gong i 1988, på restane av avisene Sotra Nytt og Vest Gula. I mange år låg avisa stabilt på rundt 6.000 abonnentar, men inneverande tiår byrja med fleire år med nedgang. No går det betre, men det er alltid rom for forbetringar.

– Vi kan alltid bli betre, så hald fram med å senda oss tips og innspel til saker og tema de vil at vi skal ta opp, oppfordrar Kalgraf.