Nummeret er 56 16 00 10.

– Denne tenesta skal ikkje handla om noko av det medisinske rundt korona-viruset. Denne telefonen kan folk ringa viss dei har spørsmål om andre tenester og tilbod frå kommunen, seier Tom Georg Indrevik (H).

Ordføraren legg ikkje skjul på at pågangen på helsevesenet er stor. Særleg legevakten har dei det svært travelt. Difor er det viktig at berre dei som kjenner symptom på korona-sjukdom eller har vore i utland der mange er smitta ringer 116 117. Dei som har meir generelle spørsmål om korona kan ringa Folkehelseinstituttet på 815 55 015. Er du skikkeleg sjuk med vanleg influensa eller anna er det best å ringa fastlegen.

– Det me no opprettar er ein informasjonskanal for andre sider av det kommunen bidreg med, når det gjeld å halda lokalsamfunnet i gang. Det er viktig at alle tenestene våre held fram med å levera i så stor grad som mogeleg, seier Indrevik.

Kommunetilsette kan få nye oppgåver, til dømes å bemanna ein servicetelefon som den kommunen no har på gang.

– Viss du jobbar til dømes i skulen, men har utdanning innan helse, kan det vera aktuelt å be om ein innsats innan helse og omsorg. Det er helsepersonell me no prioriterer å halda i arbeid. Det gjeld til dømes når me skal hjelpa tilsette som ikkje har familie som kan ta seg av barn som må vera heime, seier ordføraren.