Vegtrafikksentralen melde at det var trafikkluss og køar på Sotrabrua etter eit trafikkuhell kring klokka 12. Vest politidistrikt opplyser at det ikkje er personskade i samband med uhellet.

– Trafikale problem i retning Sotra, ein personbil truffen av last frå ein lastebil. Ingen personskade. Politi og bergingsbil på staden, melder politiet.

Klokka 12.20 melde politiet at bergingsbilen var ferdig på staden. Vegtrafikksentralen melder at vegen er open att.