Ein mann er skadd etter ei ulukke med ein ATV fredag kveld. Det melder politiet i Hordaland på Twitter klokka 21.19. Ulukka skjedde ved Knarrevik i Fjell, og mannen vart frakta til sjukehuset med luftambulanse.

– Vi er ikkje ferdige med å etterforska hendingsforløpet, men det kan sjå ut til at han har steila og falle bakover, for så å få ATV-en over seg. Han har slått hovudet i asfalten, opplyser operasjonsleiar Lars Geitle ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Mannen i 40-åra har bustadadresse i Fjell.

– Han var bevisstlaus då han vart frakta i luftambulanse. Meir veit eg ikkje om tilstanden hans, seier Geitle.

Politiet er usikre på om vegen der ulukka skjedde, er privat eller kommunal.

– Men det er i alle fall snakk om ein lite trafikkert veg, seier Geitle.

Mannen var åleine på kjøretøyet då ulukka skjedde. Personar på staden som såg ulukka, melde frå til naudetatane. Ulukka vart meld til politiet klokka 20.30.

Lørdag morgen skriver Haukeland i en pressemelding at tilstanden til mannen er alvorlig.