Fryktar at byen skal bli altfor stor

For Vilde Tetlie Sletten og Casper Klubben sin del kunne senteret like gjerne vore som det var før. — Det er så vanskeleg å finna fram no, meiner Casper.

Publisert: Publisert:
svp://85253?view=bt
  • Marit Kalgraf
Denne artikkelen er over fem år gammel

Dei er ikkje heilt for kystbyen, men ikkje heilt imot heller, dei to sjuandeklassingane ved Foldnes skule.— Eg har fått med meg at dei skal byggja mange bustader her, og så skal Justin Bieber flytta inn. Det står det i alle fall i ein brosjyre eg såg, seier Vilde med glimt i auget.

— Det er jo berre løgn, protesterer Casper.

Finn ikkje butikkane

— Viss de skulle gi nokre råd til dei som bestemmer, kva skulle det vera?

— Å kanskje ikkje laga det til ein by. Ikkje lag det så stort. Vi treng ikkje alle butikkane dei har i Bergen, då kan vi heller dra inn der dersom vi vil til ein by, seier Vilde. Ho trur mange flyttar til Sotra for å sleppa å bu i by.

— Dei treng ikkje forandra alt, dei kunne ha forandra det berre litt, meiner Casper. Han er frustrert over at butikkane han brukar, har flytta.

— Det hadde vore kjekt om butikkane låg der som dei låg før, seier han.

— Kjem de til å finna fram når det er ferdig?

— Nei, ler Vilde.

— Kanskje når vi blir vane med det, håpar Casper.

Håpar på bybane

Dei to har fått med seg at det skal koma kino, Vil Vite, nye butikkar, bustader, og kanskje bybane.

— Eg håpar bybanen kjem. For eit av problema med å laga by her, er at det er så mykje trafikk, seier Vilde.

— Når det er mange bilar blir det mykje forureining, og då blir det ikkje så perfekt å bu her, trur Casper. Det store parkeringsanlegget under bakken har dei ikkje høyrt så mykje om.

Vilde fortel at ho brukar senteret ganske mykje.

— Spesielt no etter at eg har fått meg bankkort. No blir det sikkert litt ekstra fram mot jul, seier ho.

Kinoen og butikkane

Dei trur det viktigaste for barn i kystbyen er butikkane og kinoen.

— Og snop. Det blir kjekt for små barn med betre utval i butikkane. Dei små tenkjer ikkje så mykje på miljø, trur Vilde. Gågater og plassar trur ho blir bra, men det heile er eit tveegga sverd.

— Det blir jo fint og meir attraktivt, men då kjem det meir folk, trafikk og forureining, seier ho.

— Er det noko de ser fram til?

— Kinoen! seier Casper.

— Eg gler meg til Mango og Funky Frozen Yogurt, seier Vilde.

Men Casper er litt bekymra for kinoen også.

— Når kinoen ligg i Bergen, drar vi ganske sjeldan, og då blir det ekstra gøy. Men når kinoen kjem så nære, går vi sikkert ofte, og då blir vi sikkert lei av det. Då blir det sikkert kjedelig, fryktar han.

Mislikar lange køar

Både Casper og Vilde mistenkjer at dei er påverka av det foreldra meiner.

— Eg meiner nok mykje det same som dei, smiler Vilde.

— Eg veit ikkje om pappa er for eller imot, men eg trur han er litt midt mellom, slik som meg, seier Casper.

— Kjem de til å bruka sentrum annleis enn i dag når kystbyen er ferdig?

— Eg kjem sikkert til å vera her mindre, trur Vilde.

— Det kjem kanskje så mange folk at det blir trongt. Kanskje blir det mange lange køar i butikkane, seier Casper. Oppsummert synest dei to at senteret godt kunne vore slik det var før.

— Dei hadde ikkje behøvd å gjera noko, det kunne vore slik heile tida, seier Vilde.

svp://85253?view=bt
Publisert:

Flere artikler

  1. NYHETER

    Flyttar og utvidar butikken kraftig

  2. NYHETER

    Satsar på å opna kjøpesenteret i 2022

  3. NYHETER

    Vil gå under jorda

  4. NYHETER

    Barnas Hus kjem til Sartor

  5. NYHETER

    Folkevandring til nyopning – difor har dei teke sjansen på å flytta

  6. NYHETER

    Vil styre unna det dei har gjort på Straume

Mest lest akkurat nå

  1. Sotra SK i karantene

  2. Alle i barnehage-avdeling i karantene

  3. Fire nye smittetilfeller mandag

  4. Meiner kriminelle blanda hallusinogen i drikkevatnet hans

  5. Først sa sonen at foreldra gjekk tur. Så innrømte han å ha drepe dei og gøymt lika i garasjen

  6. Søk i dødsan­nonsene