Stormande jubel på Straume
Syklistane fekk ein øyredøvande velkomst på Straume.
Denne artikkelen er over fem år gammel
Rett før klokka elleve passerte ryttarane i fellesstarten rundt Sartor storsenter, og vart møtt av ein stor folkemengde som jubla ekstremt høglydt.
Stemninga var stor, og både utbrytargruppa og hovudfeltet mange minutt bak vart jubla noko enormt for.
No har ryttarane akkurat kome seg ut av regionen vår, og er over på bysida av Sotrabrua.
– Entusiasmen og engasjementet her er berre heilt fantastisk, seier tidlegare verdsmeister Thor Hushovd.