Dagleg ringer fleire hundre personar til Øygarden legevakt. Ordførar Tom Georg Indrevik ber alle som ikkje har behov for medisinsk hjelp om å heller ringa informasjon

For alle spørsmål rundt korona-situasjonen som ikkje har med sjukdom å gjera, viser han til servicetelefonen. Du kan og ringa Folkehelseinstituttet (FHI) sin informasjonstelefon. FHI har og mykje korona-informasjon på nett.

  • Folkehelseinstituttet si korona-informasjonsline: 815 55 015

  • Øygarden kommune sin korona-servicetelefon: 56 16 00 10. Denne er open frå klokka 08 til 20 kvar dag. Telefonen blir og bemanna i helga.

  • Legevakta: 116 117

For praktisk info om koronatiltak i Øygarden kommune, kan du følgja med på kommunen si nettside.

I saka under finn du ein del informasjon om koronaviruset: