Festen toppa seg siste helga i august, med liv i den nye arenaen og i området på Rong frå morgon til kveld. Øygardsmila var lagt til denne helga og sette sitt preg på dagtid laurdag. Starten var lagt til Hjeltefjorden Arena, der det gjekk slag i slag med arrangement. På kvelden fekk øygardsfolket selskap av folk frå ulike delar av verda, som kryssa kontinent for å høyra Ylvis spela «The Fox» og andre hits.

Hjartesvikt og vatn på lungene var berre starten på problema til rådmann Steinar Nesse dette året. Foto: Marit Kalgraf

Her er litt av det du fann i spaltene i juli:

Ungdommar sette preg på eige hus. I starten av juli kombinerte Fjell kommune grafitti-kurs for ungdom og utsmykning av det nye «frivillighuset» på Ågotnes.

– Det er veldig kult å få lov til å vera med og utforma eit slikt hus, sa Mads Møvik-Olsen (13), ein av ungdommane på kurset.

Tok ferie med NM for skulekorps. Noregsmeisterskapen var i år flytta til Grieghallen første helga etter skuleferiestart.

– Vanlegvis er NM første helga etter skulestart. No fekk me bruka litt av ferien til å øva, sa Joekim Alexander frå Fjellklang.

Store planar i Skogsskiftet. Rema-kjøpmann investerer stort i nytt kjøpesenter i Sund.

– Målet er å stansa handelslekkasjen til Straume, seier Ove Forstrønen.

Rådmann med legeskrekk. Rådmann Steinar Nesse var frisk nok til å fortelja den dramatiske sjukdomshistoria si.

– Hadde eg trassa legeskrekken, hadde eg unngått alt dette, sa Steinar Nesse.

Kollsnes sikra drift til 2050. Equinor vil bruka 7,8 milliardar for å kunna henta ut 1650 nye milliardar kroner frå Troll, mellom anna via Kollsnes-anlegget.

– Investeringa gjev 17 år lengre levetid ved anlegget i Øygarden, sa ordførar Børge Haugetun.

Inviterte til strilestrikk. Øygardsgenseren er eitt av verkemidla for å skapa identitet i storkommunen.

– Det må vera eit motiv som gjev assosiasjonar til den nye kommunen, sa fjellordførar Marianne Bjorøy.

Johnny Furdal tok farvel. Etter lang og tru teneste på Ågotnes var midtbaneeleganten klar for Viking i Stavanger.

– Det er med tungt hjarte eg dreg frå Nest-Sotra, sa Furdal.

Nest-legenda Johnny Furdal gjekk til Viking. Foto: Erik Bentdal Støverud

Opninga av Hjeltefjorden Arena var ikkje det einaste som skjedde i august:

Strilesiger på Ekebergsletta. Gutelaget til Nest-Sotra slo i august KFUM Oslo i finalen i b-sluttspelet og vann 14-årsklassen i Norway Cup.

– Vi er ekte strilar med hjarta i Nest, sang gutane i gledesrus.

God plass i vassmagasina. Den tørre sommaren førte til rekordlåg vasstand i Fjellvar sine vassmagasin.

– Det har vore tørt heile våren og sommaren. No må folk halda fram med å vera flinke og spara på vatnet, sjølv om det kjem litt regn, sa Bjarne Ulvestad.

Hollywood kom til Bjorøy. I august tok filmstjerna Mel Gibson turen til Cornelius på Holmen.

– Gibson var ein jordnær og hyggeleg mann, seier medeigar Alf Roald Sætre ved restauranten, der Mel med familie gjekk for ein femrettar.

Betalingsvanskar i Sund. Talet på inkassosaker vaks kraftig mellom sundsokningane på tampen av sommaren.

– Me veit at arbeidsløysa har auka i Sund. Sjølv om situasjonen no stabiliserer seg tek det tid folk å få økonomien på fote att, sa sundordførar Kari-Anne Landro.

Fire Amanda for lokal produsent. Filmen «Hva vil folk si», med Maria Ekerhovd som produsent, fekk fire Amanda-prisar under filmfestivalen i Haugesund.

– Vi har heile tida visst at filmen har eit stort kommersielt potensial, fordi temaet om norskpakistansk ungdom i skvis mellom eigen og foreldra sin kultur er så aktuelt, sa Maria Ekerhovd.

Solhaug sjukeheim lagt ned.

Mot slutten av august vart det kjent at Solhaug sjukeheim vert lagt ned i mai neste år. Sjukeheimen er mellom dei største kvinnearbeidsplassane i Sund.

– Vårt ønskje er å finna ei løysing for å oppretthalda drift når Bergen seier opp avtalen, men me kan ikkje sitja på gjerdet og venta, sa styreleiar Jorunn Nordstrand.

Opna Hjeltefjorden Arena. Ylvis var det store trekkplasteret og tok fram revedrakta då dei spelte på opninga av storstova på Rong.

– Dette er ein idrettshall eg trur me vil få stor glede og nytte av, sa Tone Rong.

Ylvis-feberen herja på Rong. Foto: Silje Alden
(F.v) Victor Baez og Tobias Normann med ekte idrettsglede under Norway cup. Denne dagen vil dei for alltid hugsa. Foto: Anders Totland

I september var det tid for haustlege aktivitetar som hjortejakt:

Gjekk for det dyraste alternativet. Hordaland fylke peikar på ei utfylling i Stovevatnet som beste tomt for ny, vidaregåande skule på Sotra. Bildetangen var mellom alternativa.

– Me meiner ein må setja elevane sitt beste i sentrum. Og i eit langsiktig perspektiv vert det ikkje nødvendigvis så mykje dyrare, sa Elizabeth Toft Erichsen.

Bystein til Ågotnes. Viss ikkje bypolitikarane går med på ei større utfylling av stein i Storavatnet langs riksveg 555, kan stein frå utbygginga av Sotrasambandet verta køyrt til Ågotnes.

– Det er ikkje tvil om kva me meiner er det beste alternativet. Statens vegvesen rår sterkt til utfylling i Storavatnet, sa Lilli Mjelde i vegvesenet.

Hjortejakta starta. I midten av september var Vestnytt med på hjortejakt i Sund. Sjølv røynde jegerar merkar kriblinga når sesongen er i gang.

– Når ein har vore med på dette i mange år vert det ein livsstil. For mange av oss er 1. september som julaftan å rekna, sa Eivind Sangolt.

Ny kvardag på Landro. Med nytt skulebygg og nye elevar frå Misje vart det ein haust med mykje nytt ved Landro skule.

– Her på Landro skule er det mange fleire ein kan verta kjent med, sa Mathilde Misje Eliussen.

Vinden herja. Stormen herja med både tre, straumleidningar, bilistar og båtar i regionen. På Angeltveit måtte ein fritidsbåt ha hjelp.

– Den tok inn vatn i går, så me tek den på land no, sa Tor André Midttveit.

«Rett i jobb»-suksess. I Fjell går nokre flyktningar rett ut i arbeidslivet, i staden for å gå på introduksjonsprogram i to år.

– Det er god integrering og gull verd for kommunen, sa rådmann Steinar Nesse.

Fiskekjendis på Straume. Krabbefiskaren Sig Hansen frå Seattle er TV-kjendis med serien «Deadliest Catch». På Straume fanga han kundar til den lokale fiskebutikken.

– Det ser jo ut som ein yacht, sa Hansen, då han fekk sjå skisser av den nye båten til Liegruppen.