Lokalavisa for Øygarden har vore i sterk endring dei siste åra. Den digitale satsinga har gitt resultat, og Vestnytt veks i opplag.

– No utvidar vi redaksjonen med ein ny journalist, seier ansvarleg redaktør Marit Kalgraf.

Sterk digital vekst

Dei to avisene har til saman ti redaksjonelle årsverk og er tett vevd saman med felles redaktør, nyheitsleiar og nettdesk.

– Målet med satsinga er å levera meir kvalitetsjournalistikk til lesarane i begge avisene, seier Kalgraf. Ho seier lesarane forventar at avisa er rask på labben når noko skjer, men også at det skal vera rom for undersøkande og kritisk journalistikk.

Det er den positive utviklinga i abonnement dei siste åra som gjer satsinga mogleg. Vestnytt nærmar seg no 7000 abonnentar, medan Askøyværingen har 5000. I fjor var veksten i digitalabonnement på heile 28 prosent i Vestnytt.

Begge avisene har no fleire digitalabonnentar enn papirabonnentar.

Meir kvalitetsjournalistikk

Vestnytt har som dei fleste andre aviser opplevd nedgang i annonseinntektene dei siste åra, og koronapandemien forsterkar utviklinga.

– Samtidig ser vi at stadig fleire innbyggjarar kjem til oss for å halda seg orientert om og forstå det som skjer. Øygarden treng ei sterk lokalavis, og det er kjekt for oss å kunna styrka satsinga på journalistikken, seier Kalgraf.

Koronapandemien og konsekvensane den får lokalt, kjem til å prega nyheitsbildet i lokalavisa også i år.

– Med ein ekstra journalist får vi betre kapasitet til grundig journalistikk på alle område som er viktige for lesarane, seier redaktøren.

Schibsted i ryggen

Styreleiar i Vestnytt og Askøyværingen, Øyulf Hjertenes, seier dei to avisene er inne i ei god utvikling.

Øyulf Hjertenes er styreleiar i Vestnytt og Askøyværingen. Foto: Vegar Valde

– Vestnytt og Askøyværingen har gjennom fleire år hatt ein sterk vekst i talet på abonnentar. Framgangen gjer det mogleg å satsa endå meir på journalistikk som er til nytte og glede for abonnentane, seier Hjertenes, som er direktør i Schibsted Kyst.

– Øygarden og Askøy er vekstkommunar med sterk identitet, spennande næringsliv og stort engasjement innan politikk, idrett og kultur. Det skapar eit godt grunnlag for at dei to avisene kan veksa vidare, sier Hjertenes.