Slik tar du deg fram under finalehelga

Det blir fleire stengde vegar under VM-helga på Sotra. Men det blir og ekstra bussar og båtrute.

Foto: Inger Elise J. Økland

  • Karstein Sæverås
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Hovudvegen frå Rong, sørover til Kolltveittunnelen og austover mot Bergen blir stengt medan fellesstartane laurdag 23. september og søndag 24. september går føre seg. Også elles i VM-perioden kan det bli vanskeleg å koma seg til Bergen.

Det vert utvida busstilbod både laurdag 23. september og tidlegare i VM-perioden. Sidan fleire vegar i periodar vert stengt for biltrafikk vert det store oppgraderingar i kollektivtrafikken i bergensområdet.

Sjekk trafikken på Vestnytt sine trafikkamera

Allereie frå 14. september vil dei ordinære rutene til og frå Bergen starta og enda ved Bergen busstasjon. Det vert sett inn ekstrabussar i skytteltrafikk mellom Straume terminal og Bergen sentrum frå 16. til 24. september, då det vil vera vanskeleg å ta seg fram med bil.

Meisterskapen råkar likevel ikkje vegnettet på Sotra og i Øygarden før avslutningshelga 23. og 24. september.

Les også

Gjør som proffene - sykle VM-løypen

Les også

Fansonene er klare til storinnrykk

Alternativ til bil

– Det er Skyss og Fjell kommune som saman med arrangøren Bergen 2017 planlegg kollektivtilbodet. Det vert lagt opp slik at folk skal koma seg fram utan bil. I Øygarden vert det sett opp bussar for å hjelpa folk frem og tilbake til Rong senter, seier beredskapsleiar Jan Gaute Haug i Øygarden.

Føresetnaden for at dette skal lukkast er at folk nyttar parkeringsplassane som vert lagt til rette nord og sør for Rong sentrum. Frå desse plassane vert folk bussa til startområdet ved Rong senter og rådhuset. Også i Øygarden vert det sett opp skyttelbuss langs VM-løypa i «finalehelga». Løypa følgjer traséen Rong (start), Ågotnes, Kolltveit (fylkesveg 561), Kolltveit (fylkesveg 555), Straume, Sartor Storsenter, Knarrvika, Sotrabrua, Bergen sentrum.

Les også

– VM-syklistane får med seg folkelivet langs løypa

I Fjell vert det ikkje råd å ta seg fram i bil vestfrå til arrangementsområdet på Straume, då både hovudvegen og gamlevegen over Bildøyna er stengde. Så viss du bur til dømes på Kolltveit og vil til Straume med bil må du køyra før klokka 08.45 laurdag og 09.15 søndag.

Ekstrabussar vert sett opp før vegane stenger for å frakta folk frå utvalde stoppestader til arrangementsområda på Ågotnes, Kolltveit og Straume om morgonen.

Stenger VM-løypa

VM-løypa vert stengt for trafikk under løpa 23. og 24. september. Heile løypetraseen vert stengt i tre timar laurdag og søndag. Også Sotrabrua vert stengt i tidsrommet mellom 08.45 og 11.45 laurdag og 09.15 til 12.15 søndag. Då går det heller ikkje bussar over brua.

– I tillegg vert det regulering av både Bildøyvegen og Vestsidevegen. Syklistane skal ikkje køyra på vestsida, men her må ein sikra at naudetatane kan koma fram når hovudvegen er VM-løype, seier Vigleik Brekke.

Vestsidevegen får innkøyring forbode frå Ågotnes og sørover og frå Møvik og nordover. Bildøyvegen får innkøyring forbode i krysset med Sartorvegen i Straume-enden og ved Bildøyosen på austsida av Kolltveittunnelen.

– Tanken er at vegane skal vera opne som vanleg heilt fram til stengingstidspunktet, slik at folk som vil til Straume kan gjera det på morgonen. Nedkøyringa til Kystbygarasjen ligg midt i VM-løypa og vert dermed også stengt i stengingsperioden. Men kjem ein til Straume før vegen stengjer klokka kvart på ni laurdag og kvart over ni søndag, kan ein parkera også i Kystbygarasjen.

På Straume vil også Grønamyrsvegen vera stengt, men denne vert opna etter at ryttarane har passert.

Kartet syner løypa for fellesstartane laurdag og søndag i finalehelga for VM. Foto: Fjell kommune

Nymark minner om at kommunane ber alle som kan unngå bruk av privatbil om å gjera det under sykkelfesten i Fjell og Øygarden.

– Me oppmodar folk til å nytta kollektivtransport, sykla eller gå dei to siste dagane av VM-veka. Ved å la bilen stå, vil me redusera faren for kø, sikra beredskap og gode forhold for naudetatane, seier beredskapsleiar Jan Gaute Haug.

MS Teisten er ein av to passasjerbåtar som vil gå mellom Strandkaien og Ågotnes VM-søndagen 24. september. Foto: Marius Oma

Skyssbåt til Bergen

Kommunen hyrer inn båtane MS Teisten og MS Rygercruise til å gå i skytteltrafikk mellom CCB-kaien og Strandkaien i samband med fellesstarten for menn senior søndag.

Det vert avgang kvar halvtime med start 13.30 frå Strandkaien.

– Det vert fleire avgangar frå Ågotnes etter at ryttarane har passert og retur frå Bergen sentrum på kvelden, seier informasjonsrådgjevar Vigleik Brekke i Fjell kommune.

Det tyder at båtane tek ein pause på sein ettermiddag og tidleg kveld. Siste avgang frå Ågotnes før pausen er 16.30, før ruta startar opp att med avgang Strandkaien 19.30 og siste avgang for kvelden frå Ågotnes 21.30.

Publisert:
  1. Sykkel-VM
  2. Fjell kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Ny Vestnytt-app

  2. Statsforvalteren prøver å stanse turløypen på Lie

  3. Det norske flagget er nok

  4. Vil prioritere lærarar i vaksinekøen

  5. Skivebom fra Høyre

  6. Sjå bilde frå lesarane her