Mykje av ordvekslinga om kommunesamanslåinga har handla om pengar. Eg forstår meg ikkje så mykje på det, men eg undrar meg kvifor det ikkje vert snakka meir om kva ein ny kommuneidentitet rotar opp på innsida av ulike kjensler. For mindre er sagt om desse meir og mindre ubehagelege opplevingane som kjem med det å skulle gje slepp på det ein har og kjenner, og bli del av noko større og enno ukjent. Redselen for at no vert vi slukte, eller gløymde, eller overlaten til oss sjølve. Sinne som raskt erstattar redselens uhygge og kjem med kraft og kamp og forsvar. Det er lettare å vere sint enn redd. Og dette som skjer meg lar seg ikkje roa med snakk om økonomi.

Eg har lyst å tru på dei. Dei som seier at større og sterkare kommunar vil gje betre velferdsteneste. Dei som lovar ei meir berekraftig samfunnsutvikling og eit sterkare lokalt sjølvstyre. At ei samanslåing gjer mogelegheit til å tenkja annleis om korleis den nye kommunen skal bli. Det er berre det at det ikkje kjennes slik. Som at eg ikkje får overtydd heile meg, at sjølv kor mange fine og inspirerande ord som føl med, så sit eg attende litt mismodig og utrygg.

For eg tenkjer på korleis kommunen som har husa meg, har fart med meg. Så vert eg fylt med kjensler igjen. Eg har vore glad i kommunen min, eg har vore stolt når eg har sagt kvar eg kjem i frå. Eg har snakka varmt om folka som bur der, om alt dei får til og om korleis kommunen har teke vare på meg. Det er som eg sørgjer litt. For det eg no er i ferd med å mista. Ikkje det at eg ikkje trur på det nye, men meir at eg må finne plass til dette litt sørgmodige i meg, før det andre kan få plass. Ikkje krev av meg at eg berre må vere positiv og nytenkjande nett no. Om du gjer det, om du skundar deg slik at eg ikkje føl med, då vert eg tverr.

Så lyt vi lene oss på det som samlar oss. For eg kjenner det og. At på øyane her vest bur det likande folk som eg kjenner meg heime hjå. Kjensla av stoltheit kjem attende når eg tenkjer på strilen. Den arbeidsame, snarrådige strilen med glimt i augo. Det hardføre folket som likar seg litt i utkanten, i sjøkanten. Eg trur det er fellesskap å finne i slikt. Det skal gå vel det her. Eg bur i Øygarden kommune no.

Veslemøy Vold, kommunepsykolog