KOMMENTAR: Natt til 8. november kolliderte fregatten KNM Helge Ingstad med tankskipet TS Sola. Fregatten fekk eit stort hol i sida, og ligg no på tjue meters djup. Årsaka til ulukka er så langt ikkje slått fast.

Det er fleire aktørar som undersøker omstendene rundt kollisjonen. Politiet og Sjøforsvaret skal begge granska ulukka. Men den mest grundige granskinga er venta å koma frå Statens havarikommisjon for transport.

Havarikommisjonen har varsla at det kjem ei førebels eller endeleg rapport om eit år. Det har fått mange til å reagera. Spesielt på sosiale medier kritiserer mange tidsbruken, og skriv at det umogeleg kan ta så lang tid å finna ut kva som gjekk gale. Men Havarikommisjonen skal gjera mykje meir enn berre å finna ut kva som gjekk skeis i minutta fram til kollisjonen.

For politiet er det vesentlege å finna ut kven eller kva som svikta. For Havarikommisjonen er det viktigaste å finna ut korleis mannskap eller mekanikk kunne svikta, for å hindra at likande ulukker skjer igjen. Å finna alle mogelege årsakssamanhengar tek tid. Difor er det ikkje overraskande eller uvanleg at det kan ta minst eit år, slik det også gjorde med rapporten etter helikopterulukka på Turøy.

Havarikommisjonen skal sjå på alle underliggjande årsaker til at det gjekk gale. Sei at ein til dømes finn ut at kollisjonen skuldast feil gjort av mannskapet på fregatten (noko som per dags dato ikkje er klarlagt). Då vil kommisjonen undersøka element som kva utdanning, kursing og reglar offiserane har innan nattnavigering. Dei kan sjå nærare på om vaktsystemet om bord gjev brumannskapet tilstrekkeleg søvn. Kommisjonen kan og sjekka kva rutiner fregattane har for kommunikasjon mellom dei som står på brua.

Så er det også tekniske ting som kan undersøkjast. Er til dømes sambandsutstyret slik at lyden er utydeleg og meldingar kan misforståast? Står radarskjermen så langt unna navigasjonsoffiseren sin faste plass at han sjeldan blir brukt? Er rorsystemet slik at fregatten reagerer unormalt treigt under unnamanøvrar?

Foto: KV Bergen/Forsvaret

Ulukkes-undersøkingar femnar også nokre gonger om menneskeleg psykologi. Igjen, om det viser seg å vera feilnavigering frå fregatten si side: Er det slik at ein etter lange tokt senker skuldrene litt for mykje når ein kjem tilbake til heimlege og kjente farvatn? Kan det vera at nokon på brua oppdaga kva som var i ferd med å skje, men hadde for stor respekt for høgareståande offiserar til å seia i frå?

Undersøkingane kan også omfatta korleis skipstrafikken til og frå Stureterminalen er organisert og korleis slepebåtberedskapen er, samt prosedyrene hjå Kystverket sin trafikksentral på Fedje.

Alt dette er element som er aktuelle for Havarikommisjonen å sjå på. Førebels er det ikkje eingong klart kva som skjedde, og kommisjonen skal altså finna ut kvifor det skjedde. Då er det heilt naturleg at undersøkinga tek tid. Sluttrapporten skal dessutan på høyring til involverte partar før rapporten vert offentleggjort.

Dersom kommisjonen ikkje er ferdig om eit år, kjem det til å koma ei førebels rapport. Og det kan koma korte undervegs-rapporter før den tid. Slik vart det gjort under Turøy-granskinga. Dessutan vil Havarikommisjonen koma med straks-tilrådingar undervegs, dersom dei finn noko som er kritisk for tryggleiken til sjøs.

Torsdag skal Havarikommisjonen ha ein pressekonferanse der me vonleg får vita litt om kva som skjedde då fregatten og tankskipet kolliderte. Men den endelige konklusjonen kjem ikkje på lenge enno. I mellomtida bør og skal media følgja saka tett, sjølv om forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) nærast har tatt til orde for at pressa skal liggja unna.

Metodikken Havarikommisjonen brukar for å undersøka fregatt-forliset, liknar mykje på den som i fleire tiår er nytta innan flyulukke-gransking. Her har grundige undersøkingar ført til at det blir tryggare å fly. Ved kvar einaste flyulukke som skjer, fører granskingane til endringar innan mekanikk, prosedyrer eller opplæring. Vonleg vil granskingsrapporten etter fregattkollisjonen føra til at skipsfarten blir endå tryggare. Så får me håpa at det ikkje skjer endå fleire dramatiske ulukker i Hjeltefjorden.

Kyrre Styve