Fleire brukarar og lesarar av På plakaten har teke kontakt med oss dei siste to vekene etter at vi bestemte oss for å avvikla spalta. Mange har sagt at dei kjem til å sakna oversikta over kva som skjer i ulike deler av det frivillige livet.

Som eg skreiv i avisa 7. juni, er det ein kombinasjon av årsaker til at vi la ned denne tenesta no. Hovudårsaka er at den digitale satsinga i avisa krev så mykje av redaksjonen sine ressursar at vi må finna innsparing andre stader. Men vi har lenge vore på jakt etter ei teknisk god løysing som gjer at vi kan ta imot meldingane om arrangement til På plakaten på ein effektiv måte, slik at vi kan behalda spalta.

Etter at så mange av dykk har tatt kontakt, har vi gått endå ein runde for å finna ei løysing. Og no har eg godt nytt: På Plakaten kjem tilbake i papiravisa. Alt er ikkje klart, for det er ein teknisk jobb som må gjerast først. Når det praktiske er klart, forhåpentlegvis på seinsommaren, kjem eg tilbake med meir informasjon. Så følg med i avisa!

Eg takkar alle som engasjerer seg i lokalavisa og som har teke kontakt med oss for å koma med konstruktive innspel til korleis Vestnytt skal vera.

Venleg helsing

Marit Kalgraf

Ansvarleg redaktør