Den eine dagen er det nesten sommar, den neste har du lyst til å fyra i omnen og krypa inn under ullteppet. Så svippar hausten innom ein tur, før vårsola igjen varmar oss i nakken.

I år varte vinteren lenge, men vi hadde lange periodar med fint vêr sjølv om det var kaldt. Vårt tips er uansett å gi blaffen i vêret når det regnar og er stygt, og nyt det i fulle drag når det er fint. Ein tur ut er godt for sjela også når regnet høljar ned!

Her kan du sjå bilda som lesarane våre har merka med #vnvår på Instagram dei siste vekene. Dersom du alt har merka foto med #vnvår, kan det godt henda du finn bildet ditt i straumen under her.

Bruk gjerne emneknaggen fram til utgangen av mai. Og du? Det går fint an å ta bilde av innandørs aktivitet også.

Nyt våren - både inne og ute!